Annonse

Fifa-presidenten skeptisk til La Liga-kamp i USA

Fifa-president Gianni Infantino er i tvil om La Liga bør få flytte kampen mellom Girona og Barcelona til Miami.

Dei to klubbane har godkjent og sendt ein førespurnad om å møtast til kamp på Hard Rock Stadium i Miami i Florida 26. januar i staden for på Gironas heimebane Estadi Montilivi. Førespurnaden er sendt til det spanske fotballforbundet.

- Eg trur eg ville føretrekt å sjå ein god MLS-kamp i USA framfor La Liga i USA. I fotball er det generelle prinsippet at ein spelar ein heimekamp heime og ikkje i eit anna land, seier Fifa-president Gianni Infantino.

La Liga-president Javier Tebas svarte Infantino på Twitter.

- Eg vil minne Fifa-presidenten på at det er tre canadiske lag i MLS, og Toronto er regjerande meister, og også i Canada er det ein annan profesjonell liga, skreiv han.

Toronto, Montreal og Vancouver er med i den amerikanske ligaen MLS, men spelar heimekampane sine i heimbyane i Canada.

Infantino stadfestar at planen må godkjennast av det spanske og det amerikanske fotballforbundet i tillegg til Uefa og CONCACAF, dei to styrande organa i europeisk og nordamerikansk fotball.

Han legg til at Fifa bør uttale seg om saka, ikkje minst fordi ho også vil ha konsekvensar for fotballen på eit globalt nivå.

La Liga snakkar om å spele éin kamp per sesong i USA som ein del av ein 15-årig avtale med medieselskapet Relevent. Målet er å promotere fotballen i USA og Canada.

Girona-supporterar med sesongkort har fått tilbod om ein «kompensasjonspakke» som mellom anna skal innehalde gratis flybillettar til USA og 5.000 billettar til bortekampen mot Barcelona på Camp Nou seinare i september.

(©NPK)

Fifa-president Gianni Infantino er skeptisk til planane om å flytte ein La Liga-kamp til Barcelona. Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB scanpix