Annonse

FN-sjefen: Ei av dei verste vêr-katastrofane i Afrikas historie

Syklonen Idai var ei av dei verste vêr-katastrofane i Afrikas historie, ifølgje FNs generalsekretær António Guterres.

Han sa tysdag at rundt 3 millionar menneske i Mosambik, Zimbabwe og Malawi er ramma av katastrofen.

Av desse blir det anslått at 1,85 millionar er i Mosambik. Infrastruktur for til saman 1 milliard dollar skal vere øydelagt.

Guterres påpeikar at Idai var kraftigare og meir langvarig enn uvêra som pleier å ramme den søraustlege delen av Afrika.

- Dette var endå ei alarmklokke som varslar oss om farane ved klimaendringane, særleg i sårbare land, seier FNs generalsekretær.

Vindstyrke på 50 meter per sekund vart registrerte då Idai rasa innover kysten av Mosambik for halvanna veke sidan. Store mengder regn hølja ned, og flaumvatnet danna ein ny innsjø som var 12 mil lang.

Så langt er rundt 700 menneske stadfesta døde i Mosambik og Zimbabwe som følgje av uvêret og flaumen. Det blir antatt at talet kan fortsetje å stige. Hjelpemannskap fryktar utbrot av kolera og malaria.

Uvêret Idai kan ha vore ein av dei verste syklonane på den sørlege halvkula nokosinne, ifølgje Verdsmeteorologiorganisasjonen (WMO).

(©NPK)

Eit flaumramma område i Beira i Mosambik, kort etter at byen vart ramma av monstersyklonen Idai 15. mars. Foto: Denis Onyodi / IFRC / AP / NTB scanpix

Ein flaumramma familie ved huset der dei bur utanfor Beira i Mosambik. Foto: Themba Hadebe / AP / NTB scanpix

FNs generalsekretær António Guterres. Foto: Salvatore Di Nolfi / AP / NTB scanpix