Annonse

Forsikringsselskapa har ikkje lyst til å krevje inn vegbruksavgift

Forsikringsbransjen ønskjer ikkje å vere ansvarleg for innkrevjing av vegbruksavgift og bompengar.

Sidan 2018 har forsikringsselskapa hatt ansvar for å krevje inn trafikkforsikringsavgifta, den tidlegare årsavgifta bileigarane må ut med. Men det får halde, meiner Finans Norge.

Nullutsleppskøyretøy er i dag fritekne for vegbruksavgifta som andre køyretøy betaler via bensin- og dieselprisen. Med stadig fleire elbilar utgjer dette store inntektstap for staten.

Samanblanding av roller

Derfor har ei arbeidsgruppe frå Skatteetaten og Statens vegvesen foreslått ei ny avgiftsordning for elbilar basert på årleg køyrelengde. Denne avgifta bør kunne krevjast inn av forsikringsselskapa, blir det foreslått.

Men Finans Norge meiner ei samanblanding av rolla som forsikringsgivar og avgiftsinnkrevjar kan ha «utilsikta og uheldige konsekvensar.»

– Hovudbodskapen vår er at avgiftsinnkrevjinga ikkje bør tilleggjast forsikringsnæringa. Om næringa likevel skal påleggjast oppgåva, er det i så fall ønskjeleg at oppgåva blir handtert av Trafikkforsikringsforeningen på vegner av næringa, seier direktør for skadeforsikring Hege Hodnesdal i Finans Norge.

Vil krevje store investeringar

Finans Norge fryktar vidare at det kan avgrense konkurransen i marknaden om dei får ansvar for å krevje inn avgifter. Dei fryktar det vil bli vanskelegare for kunden å samanlikne forsikringsprisar på tvers. I tillegg kan faktureringsløysingar for vegbruksavgift gjere det vanskelegare for kunden å byte forsikringsselskap.

Avgiftsinnkrevjing vil også krevje store investeringar i teknologiløysingar og kundeservice, og gi auka risiko for underforsikring hos kundane, meiner Finans Norge.

(©NPK)