Annonse

Frankrike kunngjer internasjonal arkitektkonkurranse om Notre-Dame

Arkitektar over heile verda skal få konkurrere om å byggje opp att hovudspiret i Notre-Dame, seier statsminister Édouard Philippe i Frankrike.

Saman med store delar av taket på katedralen gjekk hovudspiret tapt i brannen måndag kveld og natt til tysdag.

Onsdag heldt den franske regjeringa eit ekstraordinært møte for å diskutere gjenoppbygginga av Notre-Dame. President Emmanuel Macron har lova at katedralen skal vere reist igjen innan fem år, endå vakrare enn den var.

Statsminister Philippe seier målet med arkitektkonkurransen er å «gi Notre-Dame eit spir som er tilpassa teknikken og utfordringane vi har i dag».

Han legg til at styresmaktene førebels ikkje har noko tal på summen for renovering av katedralen.

- Dette er heilt klart eit massiv utfordring, og eit historisk ansvar, seier Philippe.

(©NPK)

Hovudspiret på den ikoniske Notre-Dame-katedralen i Paris kapitulerte og raste saman under brannen tidlegare denne veka. Nå kunngjer Frankrike ein internasjonal arkitektkonkurranse om å gjenreise spiret. Foto: AP / NTB scanpix