Annonse

Franske muslimar saksøker Facebook og YouTube

Frankrikes muslimske råd (CFCM) saksøker Facebook og YouTube, som vart brukte til å direkteoverføre massakrane i to moskear på New Zealand.

Frankrikes muslimske råd (CFCM) saksøker Facebook og YouTube, som vart brukte til å direkteoverføre massakrane i to moskear på New Zealand.

CFCM saksøker dei franske filialane av dei to internettgigantane fordi dei «kringkasta ein bodskap med valdeleg terrorist-innhald, eller av ein natur som på alvorleg vis truleg krenkte verdet til menneska og kunne bli sett av mindreårige».

Strafferamma for eit slikt lovbrot er i Frankrike tre års fengsel og bøter på opptil 75.000 euro, rundt 726.000 kroner.

Facebook opplyser at dei raskt fjerna den kvite høgreekstremisten Brenton Tarrants direkteoverføring som viste korleis han massakrerte 50 menneske i to moskear i Christchurch 15. mars.

Det 17 minutt lange opptaket vart likevel delt av mange på YouTube og Twitter, og det tok derfor tid å få det fjerna.

Ifølgje CFCM, som representerer fleire millionar muslimar i Frankrike, tok det Facebook 29 minutt å fjerne opptaket av massakren.

(©NPK)