Annonse

Frp: CCS-prosjekt har stor risiko ved seg

Framstegspartiet vil gå nøye gjennom grunnlaget for investeringsavgjerda som regjeringa måndag la fram om fangst og lagring av CO2.

Frps energipolitiske talsperson Jon Georg Dale viser til at denne typen prosjekt har stor risiko ved seg.

– Frps stortingsgruppe vil no gå grundig inn i avgjerdsgrunnlaget for å sikre oss at vi ikkje sløser med pengane til skattebetalarane, seier han til NTB.

Regjeringa varsla måndag at dei vil realisere fangst av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik. Fortum Oslo Varmes avfallshandteringsanlegg i Oslo må derimot skaffe seg eigenfinansiering frå EU eller andre kjelder for å få støtte.

Både Arbeidarpartiet og SV meiner regjeringa burde gått for full pakke.

– Skuffande at regjeringa ikkje går vidare med fullskala karbonfangst ved avfallsanlegget på Klemetsrud på eigen kjøl, men ber anlegget finne «eigen finansiering» først, skriv Aps energi- og miljøpolitiske talsperson Espen Barth Eide på Twitter.

– Vi må satse for fullt på å fange CO2 og lagre han, ikkje halvhjarta slik regjeringa no gjer. SV kjem derfor til å foreslå at begge CO2-fangstanlegga blir bygde, seier SVs energi- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken.

(©NPK)

Framstegspartiet kjem til å studere investeringsavgjerda for CCS nøye, varslar energi- og miljøpolitisk talsperson Jon Georg Dale.
Foto: Vidar Ruud / NTB