Annonse

Frp vil utvide opningstidene på Vinmonopolet for å avgrense smitte

Framstegspartiet vil utvide opningstidene på Vinmonopolet og gjere det enklare å bestille polvarer på nett. Det vil redusere smittepresset, meiner partiet.

– Betre spreiing av kundar på butikkane vil forsterke effekten av dei andre smitteverntiltaka og ikkje stå i motstrid til dei, meiner helsepolitisk talsperson Åshild Bruun-Gundersen (Frp).
Ho viser til at smitteverntiltak i butikkane gjer at mange må stå i lang kø før dei får sleppe inn. Køane kan fjernast ved å utvide opningstidene, meiner ho.
– Eg håpar òg regjeringa vil bidra til å gjere det enklare for folk å bestille polvarer frå nettsidene til Vinmonopolet. Den sære norske regelen om at desse varene ikkje kan hentast ut utanfor Vinmonopolets opningstider må bort. Ei slik forenkling vil truleg bidra til at færre stimar seg i polkøane, og at fleire handlar varene sine over nett, meiner Bruun-Gundersen.
Frp slår i partiprogrammet sitt fast at dei vil oppheve ordninga med monopol på sal av alkohol.
EMBED START Image Det er avgrensa kor mange som får sleppe inn på Vinmonopolet av gongen under pandemien. Dermed har det av og til oppstått lange køar utanfor butikkane. Frp meiner opningstidene bør utvidast. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB EMBED END Image(©NPK)