Annonse

Gibraltar opnar opp etter massevaksinasjon

Livet er nesten tilbake til normalt igjen i Gibraltar etter at 85 prosent av den vaksne befolkninga har fått koronavaksinen sin.

Nesten ingen bruker munnbind ute, venner kan samlast til måltid på restaurant, og tilskodarar kan samlast på tribunar til fotballkampar og boksekampar.

Medan resten av Europa hanskar med ei tredje smittebølgje, er portforbodet frå midnatt til klokka 5 i Gibraltar oppheva, og butikkane er opna igjen etter ei streng nedstenging i vinter.

Gibraltars sjefminister Fabian Picardo kunngjorde torsdag at avgrensingane på at ikkje meir enn 16 menneske kan samlast, blir oppheva 16. april, og at det frå måndag ikkje lenger er noka grense for kor mange som kan møtast på bar eller restaurant.

Det vesle britiske territoriet med 34.000 innbyggjarar har registrert 4.300 smitta og 94 dødsfall frå korona, dei fleste i januar og februar. Men takka vere vaksinane frå Pfizer/Biontech og AstraZeneca er ingen smitta på over to veker.

Sidan Operasjon fridom starta i januar, er 85 prosent av befolkninga fullvaksinert. Dessutan har halvparten av dei 15.000 pendlarane som kvar dag kjem frå Spania, fått første dose.

– Det er ei enorm lette, seier helseminister Samantha Sacramento og seier at det var som eit samleband, sju dagar i veka – først helsepersonell og eldre, og så alle vaksne som ville.

(©NPK)

Ein servitør kjem med øl til bargjester i Gibraltar etter at det meste av nedstenginga på grunn av koronaviruset er oppheva. Foto: Javier Fergo / AP / NTB