Annonse

Grande: - Hatet vi såg i helga, skal vi ikkje ha noko av

Kulturminister Trine Skei Grande (V) uttrykkjer støtte til det islamske miljøet i World Islamic Missions moské i Oslo etter moskéangrepet i Bærum.

Kulturminister Trine Skei Grande (V) uttrykkjer støtte til det islamske miljøet i World Islamic Missions moské i Oslo etter moskéangrepet i Bærum.

Grande talte til forsamlinga før fredagsbønna i moskeen, som er den første fredagsbønna sidan angrepet mot al-Noor-moskeen i Bærum laurdag. Kulturministeren var opptatt av å formidle at muslimar i Noreg skal føle seg trygge.

- Angrepet mot moskeen var eit angrep på oss alle saman, og vi står saman i kampen for respekt og likeverd og mot hat og ekstremisme. Muslimar i Noreg skal føle seg trygge, i bønn og elles. Eg er glad for å sjå eit folk som samlar seg i ring om moskeane, slik vi såg på søndag, sa Grande.

Kulturministeren har vore tydeleg på at ho er blant dei i regjeringa som ønsker at regjeringa skal setje i gang arbeidet med ein handlingsplan mot muslimhat. I moskeen i Oslo sa ho at det trengst meir kraftfulle tiltak mot muslimfiendskap og større dialog med muslimske miljø.

- Det hatet vi så no i helga, og som vi har sett før, skal vi ikkje ha noko av. Det må ikkje og skal ikkje få fotfeste og grobotn i samfunnet vårt, sa Grande.

(©NPK)