Annonse

Grashopper truar matforsyninga i Aust-Afrika

Aust-Afrika fløymer over av grashopper. Blomstringa er den verste på 25 år og truar mattryggleiken i nokre av det mest sårbare landa i verda.

Nordaust i Kenya vart det denne veka meldt om ein grashoppesverm som var 60 kilometer lang og 40 kilometer brei, ifølgje Intergovernmental Authority on Development (IGAD), som jobbar for å fremme utvikling i landa i Nordaust-Afrika og på Afrikas horn.

Organisasjonen kallar auken i grashoppebestanden for ei ekstremt farleg utvikling.

Flaum

– Ein typisk sverm med ørkengrashopper kan innehalde opptil 150 millionar insekt per kvadratkilometer. Han migrerer med vinden og kan flytte seg 100–150 kilometer om dagen. Ein gjennomsnittleg sverm kan dagleg øydelegge avlingar som kunne ha metta 2.500 menneske, uttalar dei.

Uvanlege klimaforhold får ein del av skulda for utviklinga. Delar av regionen har vore utsett for uvanleg kraftig flaum dei siste vekene, noko som får følgje for grashoppebestanden. Svermane kan halde fram heilt fram til juni, ifølgje IGAD.

Ørkengrashopper blir rekna som den mest skadelege av grashoppeartane og har vore ein trussel mot jordbruksproduksjonen i Afrika i hundreår, med meir eller mindre jamlege blomstringar.

Sprayar

I tillegg til Kenya, er òg Somalia, Etiopia, Sudan, Djibouti og Eritrea ramma, og Sør-Sudan og Uganda blir rekna for å vere i faresona.

Utbrotet forverrar ein allereie dårleg mattryggingssituasjon i regionen, åtvarar FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).

For å førebyggje og kontrollere utbrot, må styresmaktene analysere satellittbilde, skaffe insektmiddel og spraye svermane frå lufta. I Etiopia opplyser styresmaktene at dei har tatt i bruk fire fly for hjelpe til med å kjempe mot grashoppeinvasjonen.

(©NPK)

Ein gut som gjeter kamelar nær landsbyen Sissia i Kenya prøver å skremme vekk ein grashoppesverm med ein kjepp. Biletet er tatt torsdag. Den største oppblomstringa av grashopper på 25 år truar no matforsyninga i fleire land i Aust-Afrika. Foto: Patrick Ngugi / AP / NTB scanpix

Eit medlem av eit lokalt kriseteam i Samburu fylke i Kenya viser fram eitt av insekta. Foto: Patrick Ngugi / AP / NTB scanpix

Ein sverm av grashopper dekkjer bakken i landsbyen Chidhi i Awdal-området i regionen Somaliland i Somalia. Fleire land i Aust-Afrika er ramma av ei kraftig oppblomstring av insekta. Foto: Isak Amin / AP / NTB scanpix