Annonse

Haaland reiser heim frå landslagssamlinga

Erling Braut Haaland hadde smerter i lysken etter kampen mot FA-cupkampen mot Burnley. Haaland reiser dermed heim frå landslagssamlinga.

Det melder Norges Fotballforbund tysdag morgon.

– Vi håpa at dette berre var ei kjenning som skulle gå over til laurdag, men etter å ha gjort testar og undersøkingar i går vart det klart at han ikkje rekk kampane mot Spania og Georgia. Det er betre at han då får medisinsk oppfølging i klubb, seier landslagslege Ola Sand, seier landslagslege Ola Sand.

– Erling tok det tungt då han skjønte at han ikkje kunne vere med å faite for laget. Heldigvis er det framleis plenty med sjølvtillit, talent og samhald i denne gruppa til å vinne poeng i dei neste kampane. Vi kjem ikkje til å henge med hovudet ein millimeter, men held fram jobben for å vere maksimalt førebudde til laurdag og tysdag, seier landslagssjef Ståle Solbakken.

(©NPK)

Martin Ødegaard, Erling Braut Haaland og Sander Berge under ei trening med herrelandslaget i fotball før EM-kvalifiseringskampane i fotball mot Spania og Georgia.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB