Annonse

Handballen ber om full gjenopning: – Tida er for lengst inne

Norsk handball er framleis lamma av koronarestriksjonar. I eit ope brev krev forbundspresident Kåre Geir Lio snarlege lettar frå regjeringa.

Førre veke fekk utandørsidretten endeleg full gjenopning og grønt lys til å drive normalt. I hallidrettane for vaksne over 20 år er situasjonen ein heilt annan. Der er det framleis avstandsgrenser.

Det har handballpresident Kåre Geir Lio lite forståing for. Han meiner dei siste restriksjonane må bort. I eit brev viser han til at laga frå 2. til 6. divisjon har lidd tungt sidan koronapandemien slo til her heime i mars 2020.

«Tiden er for lengst inne til at også denne gruppen av håndballen kan trene og spille som normalt. Vi har over lang tid vist at vi er gode på å etterleve smitteverntiltak. Majoriteten er spillerne er voksne og har både 1, 2 og 3 doser. Likevel er spillerne fremdeles underlagt sterke restriksjoner som gjør det umulig å trene og spille kamp som normalt», skriv Lio.

Han meiner denne gruppa utgjer rundt 9.000 spelarar fordelte på 356 kommunar. Lio argumenterer for at dei utgjer ein liten risiko for auka smitte.

– Fråfallet er allereie stort. Skal denne gruppa av spelarar oppleve at den tredje sesongen på rad må avkortast eller ikke spelast i det heile? spør handballpresidenten og held fram:

– Vi ber om at regjeringa snarast gjer ei ny vurdering, og at den inneber full opning av handballen.

Dei to øvste divisjonane i handballen får i dag spele og trene som normalt. Det same gjeld barn og unge.

(©NPK)

Handballpresident Kåre Geir Lio vil ha ei snarleg gjenopning av heile Handball-Noreg. Foto: Vidar Ruud / NTB