Annonse

Helsedirektoratet vil foreslå endringar i testsystemet

Helsedirektoratet har laga eit forslag til korleis folk sjølv kan registrere positive sjølvtestar utan behov for PCR-test. Løysinga kan vere på plass i helga.

– Vi har utarbeidd forslag til korleis dei som har behov for ein stadfestande test, framleis kan få det utan at kommunane og laboratoria blir belasta for mykje. Dette vil gjere det mogleg å møte behovet også ved vidare smittevekst, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til VG.

Det inneber eit system der ein sjølv registrerer positive koronatestar.

I dag må personar som testar positivt på hurtigtest, i tillegg ta ein PCR-test for at Folkehelseinstituttet (FHI) skal få oversikt over smittespreiinga i landet. Fleire kommunar har meldt at denne ordninga er ei stor belastning for testsystemet på grunn av dei høge smittetala.

– Vi trur det er mogleg å få på plass løysingar som reduserer behovet for PCR-testar om kort tid, kanskje i helga, men det avheng av kva løysingar vi endar opp med, seier Nakstad.

(©NPK)

Denne demo-hurtigtesten viser negativt resultat. No vil Helsedirektoratet leggje til rette for at ein kan registrere positive testar utan å ta PCR-test etter positiv hurtigtest. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK