Annonse

Helsestyresmaktene skal revurdere éin-metersregelen i kultursektoren

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å revurdere korleis avstandsreglane blir praktiserte på teater, kinoar og konsertsalar.

Det kom fram etter at representantar frå regjeringa og Helsedirektoratet onsdag møtte kultursektoren for å få innspel til praktisering av éin-metersregelen.

Mellom anna skal det vurderast om meteren skal bereknast frå nase til nase, eller skulder til skulder.

Håpar på nase-mål

Danmark er blant landa som har gått for nase-varianten, noko Spekters administrerande direktør Anne-Kari Bratten håpar òg vil skje i Noreg.

– Då kjem mange fleire publikummarar inn. Inntektene kjem opp på eit riktig nivå, og ein set ikkje arbeidsplassar i kultursektoren i fare igjen, seier Bratten, som deltok på møtet.

Ho opplevde at kultursektoren vart teken på alvor i møtet og er glad for at Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet no skal sjå på avstandsreglane.

– Det var eit konstruktivt møte. Vi fekk alle komme med innspel og fekk understreka viktigheita av ein balanse mellom smitteverntiltak og å opne igjen. Det er viktig å få kulturen i gang igjen, seier ho.

Endringar så raskt som mogleg

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet understrekar at det ikkje er aktuelt å gjere meteren kortare.

– Nei. Alle frå kultursida understrekar at meteren er riktig og viktig. Spørsmålet er frå kva punkt. Skulder til skulder, eller nase til nase. Det er eit viktig spørsmål, og det får våre fagfolk ta ei vurdering av, seier ho.

Ho vil ikkje seie noko om kor raskt eventuelle nye reglar kjem på plass, men understrekar at dette er eit prioritert område hos både direktoratet og regjeringa.

– Det lurer sikkert alle på. Dei kjem så fort dei er ferdige. Vi gjer det så fort vi kan. Helsedirektoratet er vande til å jobbe raskt, seier Erlandsen.

Ei rekkje aktørar deltok

Forutan Erlandsen deltok politisk rådgivar Emma Lind frå Kulturdepartementet og fungerande assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad frå Helsedirektoratet frå styresmaktenes side.

Frå kultursektoren deltok Arbeidsgivarforeininga Spekter, Hovedorganisasjonen Virke, Creo – forbundet for kunst og kultur, Norsk teater- og orkesterforeining, Norske kulturhus, Norske Konsertarrangører og Film & Kino.

(©NPK)

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad deltok i møte med representantar for kinoane og scenekunstsektoren onsdag.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad deltar i møte med representantar for kinoane og scenekunstsektoren. Formålet med møtet er dialog om og innspel til praktisering av 1-metersregelen i konsert-, teater- og kulturhus, kinoar og andre kultursaler og lokale med sitjande publikum.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix