Annonse

Hjulmand hyllar Hareide: – Han fortener all mogleg respekt

Kasper Hjulmand er Danmarks nye landslagssjef i fotball. Dansken hyllar avtroppande Åge Hareide for jobben han har gjort, men varslar endringar på laget.

Åge Hareide skulle avslutta jobben i Danmark med å leie laget i EM, men koronaviruset og -krisa ville det annleis.

Nordmannen er offisielt landslagstrenar fram til 30. juni, men det danske fotballforbundet har vorte samde med Hareide om at Kasper Hjulmand har fått lov til å snakke med spelarane.

– Det beste hadde vore om Åge Hareide og spelarane hans hadde fått spelt ferdig EM-sluttspelet på heimebane. Hareide fortener all mogleg respekt for det fundamentet han har laga. Han kom inn under ei vanskeleg tid for landslaget, men skapte samhald og eit sterkt kollektiv. Også tok han Danmark til to sluttspel, seier 48-åringen i eit intervju med Ekstra Bladet.

– Det blir ikkje nokon større revolusjon, men det vil bli endringar, lovar han.

Konsulent

48-åringen kjem frå jobben som konsulent i det danske fotballforbundet. No skal han ta over for nordmannen som leidde Danmark med suksess dei siste fem åra.

Under Hareide tapte ikkje Danmark på 34 strake kampar. Under leiinga hans kvalifiserte Danmark seg til to sluttspel, VM og EM. Nordmannen skapte resultat, men han klarte ikkje heilt å begeistre danske fotballelskarar.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på å etterfølgje Hareide med dei resultata han har levert, men eg veit godt at premissane er sette. Eg innrømmer at det er vanskelegare å etterfølgje suksess når ein blir målt opp mot andre, seier han.

Danskar i storklubbar

Akkurat som forgjengarane sine Åge Hareide og Morten Olsen vil Hjulmand byggje laget sitt rundt danske spelarar ute i europeiske storklubbar, og ikkje sjå så mykje på heimleg serie.

– Det er klart at det ikkje vil vere dei same 23 spelarane som kvalifiserte Danmark til EM i fjor som blir brukt i EM-sluttspelet neste sommar. Det vil vere mange gjengangarar, men det vil òg vere utskiftingar. Det er heilt naturleg, seier Hjulmand.

Etter planen debuterer han som landslagstrenar i nasjonsligaen mot Belgia og England i september.

(©NPK)

Kasper Hjulmand er Danmarks nye landslagssjef i fotball og hyllar Åge Hareide for jobben han har gjort. Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB scanpix