Annonse

Hongkong forbyr sjølvstendeparti

Styresmaktene i Hongkong har forbode politisk aktivitet for eit parti som kjempar for sjølvstende frå Kina. Det blir ikkje gitt noka forklaring på forbodet.

Hongkongs sikkerheitssjef John Dee opplyser at forbodet mot Hongkong National Party (HKNP) gjeld frå måndag morgon.

I eit tidlegare brev til den 27 år gamle leiaren av partiet, Andy Chan, oppfordra sikkerheitsmyndigheitene til ei oppløysing av partiet av omsyn til nasjonal sikkerheit og offentleg tryggleik og orden. Chan har ikkje kommentert forbodet.

Forbodet er venta å skape ny debatt om kinesiske myndigheiters aukande innverknad i Hongkong. Området var britisk koloni fram til 1997, då det vart ført tilbake til Kina som ein særskilt administrativ region med utstrekt sjølvstyre.

Kinas president Xi Jinping har tidlegare uttalt at separatistisk aktivitet ikkje vil bli tolerert.

I 2016 vart Chan og andre politikarar som ønsker sjølvstende, nekta å stille til val fordi dei ikkje ville skrive under på at Hongkong er ein umisteleg del av Kina.

(©NPK)

Leiar for sjølvstendepartiet Andy Chan får ikkje drive politisk aktivitet frå og med måndag, har styresmaktene i Hongkong bestemt. Foto: Paul Yeung / AP / NTB scanpix