Annonse

Hopp: Alle nordmenn vidare frå kvalifiseringa

Daniel-André Tande sleit i kvalifiseringa då alle nordmennene vart klare for storbakkerennet på søndag i tyske Klingenthal.

Tande vart treft av ei løpsk ski før det første treningshoppet sitt fredag. Skia skal ha høyrt til ein av prøvehopparane, som mista henne frå der han stod høgare oppe i hopptårnet. Tande stod over den andre treningsomgangen, men var tilbake i bakken til kvalifiseringa.

Der fekk ikkje 25-åringen det til å stemme. Tande landa på 117 meter og vart nummer 44. Verdscupleiaren la ikkje noko særleg skuld på skaden, men meinte heller forholda var problemet.

– Eg merka eigentleg ikkje noko til skaden. Det var eit ganske bra hopp, eg var litt tidleg på hoppkanten berre. Det fungerer ikkje bra når det er tungt i bakken, sa Tande til NRK.

Seks av seks nordmenn kvalifiserte seg til rennet på søndag. Robert Johansson vart best av dei norske. Han hoppa 133,5 meter og vart nummer fem. Austerrikske Stefan Kraft vann med eit hopp på 129,5 meter.

Marius Lindvik hoppa 129,5 meter og vart nest best av dei norske på åttandeplass. Thomas André Markeng vart nummer 22 og Robin Pedersen nummer 33. Johann André Forfang skuffa i kvalifiseringa. Han landa på 117,5 meter og enda heilt nede på 41.-plass.

Laurdag er det lagkonkurranse i Tyskland. Dei fire som skal hoppe for Noreg er Lindvik, Markeng, Tande og Johansson.

(©NPK)

Robert Johansson var best av dei norske i kvalifiseringa fredag. Her frå eit tidlegare renn.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix