Annonse

Ingeniør-rapport slår alarm om tilstanden på norske vegar

Norske ingeniørar slår alarm om tilstanden på norske vegar. Rådgivende Ingeniørers Forening anslår at det vil koste 900 milliardar å heve standarden til god.

Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) tar i ein fersk rapport for seg tilstanden på kommunale og fylkeskommunale bygningar, veg og vatn og avløp, skriv VG.

Spesielt fylkesvegane får tommelen ned frå ingeniørane, som anslår at det vil koste 600 milliardar å heve standarden på vegane til god. RIF bereknar at det vil koste 300 milliardar å heve standarden på dei kommunale vegane.

- Det blir brukt fem gonger så mykje ressursar per kilometer på riksvegane som på fylkesvegane, noko som er naturleg fordi det er meir trafikk på riksvegane. Men innsatsen er likevel altfor liten, slik at forfallet berre vil auke, seier administrerande direktør Liv Kari Hansteen i RIF til VG.

Samferdselsdepartementet skriv i e-post til VG at dei ikkje har fått rapporten og at det derfor er vanskeleg å kommentere innhaldet.

- Departementet er likevel kjent med at standarden på fylkesvegnettet mange stader er dårleg. Det blir derfor løyvd middel over statsbudsjettet til fylkesvegar, til dømes til skredsikring, utbetring for tømmertransport og til rentekompensasjon for transporttiltak i fylka, skriv departementet.

(©NPK)

Tilstanden på norske riks- og fylkesvegar får gjennomgå i ein fersk rapport frå Rådgivende Ingeniørers Forening. Her frå då fylkesveg 291 i Snillfjord i Sør-Trøndelag vart øydelagt fleire stader på grunn av flaum i 2017. Arkivfoto: Marita Byberg Johansen / NTB scanpix