Annonse

Jan Schmid tok VM-sølv i kombinert då Frenzel vann

Jan Schmid imponerte i langrennssporet og gjekk inn til VM-sølv i kombinert. Eric Frenzel frå Tyskland rykte frå dei andre mot slutten og vann gull.

Franz-Josef Rehrl frå Austerrike tok bronsen, mens førehandsfavoritten Jarl Magnus Riiber måtte nøye seg med 5.-plass etter å ha starta langrennet på 10.-plass nesten eit minutt bak leiaren.

(©NPK)

Jan Schmid i langrennssporet i VM-rennet i kombinert. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix