Annonse

Jeanine Añez er ny president i Bolivia

Opposisjonspolitikar Jeanine Añez er vald til mellombels president i Bolivia. - Det mest avskyelege kuppet i historia, seier avgåtte Evo Morales.

Añez, som også er visepresident i det bolivianske senatet, tok tysdag mellombels kontroll over senatet etter at Evo Morales gjekk av etter 14 år som president søndag.

- Vi ønsker å utskrive nyval så snart som mogleg. Det er ei forplikting vi har gitt landet, og sjølvsagt vil vi oppfylle det, sa Jeanine Añez i ein tale i senatet.

Ifølgje Bolivias grunnlov skal ein mellombels president utskrive nyval innan 90 dagar.

Añez seier at det er eit «behov for å skape eit fredeleg klima» i landet, som har vore uroleg sidan valet 20. oktober.

- Snikete kupp

Politikarar frå Morales' venstreorienterte parti lét vere å møte i senatet då Añez kunngjorde at ho tar over som president. Det var derfor berre opposisjonspolitikarar til stades.

Etter at Añez vart valt til president, fordømmer Morales det han kallar «det mest snikete, mest avskyelege kuppet i historia», skriv nyheitsbyrået AFP.

Morales kom Mexico tysdag etter å ha fått innvilga politisk asyl.

Han kallar Añez «ein kupp-handlande ytre høgre-senator» og meiner at ho har erklært seg sjølv om mellombels president «utan ein gyldig quorum, omgitt av ein gruppe medsamansvorne». Quorum er ei nemning for den minste mengda som må vere til stades for at ei forsamling skal vere vedtaksfør.

Grunnlovsdomstolen i Bolivia seier likevel at vedtaket om å innsetje Añez er gyldig og godkjenner det.

Valfusk

Carlos Mesa, som var Morales' hovudutfordrar i valet, støttar at Añez er innsett som mellombels president i landet.

Morales trekte seg som president etter fleire veker med protestar og skuldingar om valfusk. Ifølgje Organization of American States var valet fullt av avvik.

Også Morales' visepresident, leiaren i nasjonalforsamlinga i senatet og leiaren i nasjonalforsamlinga i underhuset gjekk av. Dermed hamna Bolivia i eit maktvakuum, sidan det er desse rollene, i denne rekkefølgja, som kan ha leiarvervet.

(©NPK)

Opposisjonspolitikar og visepresident i det bolivianske senatet Jeanine Añez på balkongen til Quemado-palasset i La Paz. Foto: AP / NTB scanpix

Politiet heldt tilbake Morales-supporterar i nærleiken av senatet der Jeanine Añez vart innsett som mellombels president. Foto: AP / NTB scanpix

Opposisjonspolitikar og nestformann i det bolivianske senatet, Jeanine Añez, er valt til ny mellombels president i Bolivia. Foto: AP /Natacha Pisarenko / NTB scanpix