Annonse

Jemens barn hardt ramma av krigen

Minst 10.000 barn er drepne eller såra sidan Saudi-Arabia for sju år sidan gjekk til krig mot Houthi-opprørarane i Jemen, ifølgje FNs barnefond (Unicef).

– Jemen-konflikten har nådd ein ny, skammeleg milepæl: 10.000 barn er drepne eller såra sidan kampane starta i mars 2015. Det svarer til fire barn kvar einaste dag, seier Unicefs talsmann James Elder.

Statistikken inkluderer berre dei barna Unicef kjenner lagnaden til, og det verkelege talet på offer er langt høgare, seier han.

Fleire vil døy

– Unicef treng straks 2 milliardar kroner for kunne halde fram det livreddande arbeidet sitt til midten av 2022, seier Elder.

– Dersom ikkje det skjer, vil Unicef måtte trappe ned eller stanse heilt avgjerande bistand til sårbare barn. Finansiering er heilt avgjerande, seier han.

– Det er ingen annan måte å seie dette på: Utan meir internasjonal støtte vil fleire barn i Jemen døy, understrekar Elder.

Fire kriser

Unicef-talsmannen slår fast at den humanitære krisa i Jemen er verdas verste og konstaterer at det eigentleg er snakk om fire katastrofale kriser: Den valdelege konflikten, økonomisk kollaps, mangel på system som kan sikre innbyggjarane mat, og offentlege tenester som helse og utdanning, og dessutan at FNs hjelpearbeid er kritisk underfinansiert.

– Fire av fem barn i Jemen treng humanitær hjelp. Det er over elleve millionar barn, seier Elder.

400.000 barn i landet lid alt av alvorleg og akutt underernæring, over to millionar barn går ikkje på skule, og fire millionar til risikerer no å lide same lagnad, ifølgje Unicef.

(©NPK)

Over 100.000 menneske er drepne sidan Saudi-Arabia og fleire andre land gjekk til krig mot Houthi-opprørarane i Jemen våren 2015, og mange av offera er barn. Foto: AP / NTB