Annonse

Johan Golden vil kaste Alliansen-leiar Lysglimt

Johan Golden og fleire som er oppført på vallistene til Alliansen, vil kaste partileiar Hans Lysglimt Johansen - som er «stolt og glad» over å ha dei med.

Markus Gaupås Johansen og Sturle Vik Pedersen - begge ein del av NRKs Satiriks-redaksjon - vart saman med Johan Golden i vår mot sin vilje ført opp på listene til Alliansen ved kommunevalet i Oslo.

- Vi visste ikkje at det var mogleg å føre opp uskuldige sivile, men slik er visstnok demokratiet. Og er det nokon som har respekt for demokratiet, så er det oss, skriv dei tre i ei pressemelding.

- Openbert at det er krise i Alliansen

- Vi vil derfor gjere den demokratiske plikta vår og arbeide hardt for partiet vi er valde til å representere. For oss er det heilt openbert at det er krise i Alliansen. Denne krisa er ei leiarkrise. Ved førre val fekk partiet stusslege 3.300 stemmer i heile Noreg. Det er ingen meiningsmålingar som tyder på at Alliansen skal gjere det betre i dette valet. Med andre ord: Det beste for Alliansen er at leiaren trekker seg. I alle andre parti ville dette vore sjølvsagt. Ingen partileiar kan leve med så låg oppslutning (bortsett frå i Venstre), heiter det vidare.

Dei tre varslar ein pressekonferanse fredag, der dei vil starte ein maktkamp som dei lovar blir skitten, full av dritpakkar, personfokuserte angrep og anonyme varslarar.

Inviterer dei med på hyttetur

Til NTB seier Hans Jørgen Lysglimt Johansen at Alliansen er «veldig glade og stolte» over å ha dei tre med.

- Desse karane representerer slagordet til Alliansen «Nasjonalisme med et smil» på ein så fin måte, seier partileiaren.

- Trass dette utspelet, som eg opplever meir som eit forbigåande uttrykk for lettare frustrasjon i sommarvarmen, ja, trass det har eg framleis full tillit til Golden, Vik Pedersen og Gaupås Johansen. Eg har invitert dei på den årlege hytteturen til Alliansen på Hvaler i sommar og reknar med at denne frustrasjonen blæs over der over nokre øl og reker, held han fram.

Partileiaren i Alliansen har tidlegare blitt lagt merke til med utsegner som at «Høyre er kuppet og kontrollert av jødiske interesser». Han har òg rost nazigruppa Den nordiske motstandsrørsla (DNM) og kalla holocaust «et propagandagrep».

Vart nekta å delta i Arendal

Tidlegare i år fekk partiet først ja til å delta under Arendalsuka i sommar, før rådet for arrangementet snudde. Det skjedde etter truslar frå fleire andre aktørar, som Ap, om boikott.

Johan Golden er ikkje ukjent med politisk verksemd. Saman med Atle Antonsen stifta han i 2000 Det Politiske Parti (DPP). Det viktigaste standpunktet til partiet var at dei ikkje stod for noko sjølv, men meinte det same som folket.

DPP fekk 19.457 stemmer ved stortingsvalet i 2001, noko som utgjorde 0,8 prosent av stemmene på landsbasis. Dei 3.300 stemmene til Alliansen ved stortingsvalet i 2017 utgjorde til samanlikning ei oppslutning på 0,1 prosent.

(©NPK)

Alliansen-leiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen under Arendalsuka 2017. I år får ikkje partiet delta. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix