Annonse

Johannes Thingnes Bø vann skiskyttarsprinten i Kollen og tangerte verdscuprekorden til Fourcade

Johannes Thingnes Bø var best i skiskyttarsprinten på fredag i Holmenkollen. Dermed tangerte han rekorden til Martin Fourcade med 14 verdscupsigrar i éin og same sesong.

Den ferske sprintverdsmeisteren kunne juble trass den eine bommen på ståande skyting. Stryningen kompenserte for strafferunden med å gå styggfort i løypa. Han slo Italia-profilen Lukas Hofer med 31,7 sekund.

Thingnes Bø måtte vente ei stund med å sleppe jubelen laus. Tåka låg tett over Holmenkollen ved rennstart, men ho letta fleire hakk då dei beste løparane var i aksjon. Seinare vart forholda verre igjen, og dermed var det usikkert om rennet kom til å bli fullført. Reglane seier at alle løparar må komme til mål for at løpet skal vere teljande.

Kjapp

Thingnes Bø var offensiv og skaut kjapt ned alle fem blinkar på liggjande skyting. I vinter har den suverene verdscupvinnaren slite på ståande, men i rennet på fredag fekk han ein opptur og fekk berre eitt bomskot. Missen truga ikkje den 14. verdscupsigeren til 25-åringen.

Det er berre Martin Fourcade som tidlegare har klart å vinne så mange verdscuprenn på ein sesong. Franskmannen kom opp i same talet i 2016/17-sesongen. Thingnes Bø slo Ole Einar Bjørndalens norske rekord på 13 sigrar då han tok VM-gullet i sprint i Østersund.

- Det har vore vindstille heile veka, men så byrja det å blåse. Då tenkte eg at no er det «på'n» igjen, men eg nøgde meg med den eine bommen. Eg gjekk fort i sporet, og det var heilt rått, sa Thingnes Bø til NRK.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø kunne glise etter skiskyttarsprinten i Holmenkollen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix