Annonse

Johansson klar for Lahti – siste test før Raw Air

Robert Johansson er tilbake i den norske hopptroppen og er med til verdscuprenna i Lahti i helga. Det er siste test før Raw Air på heimebane.

Johansson tok seg ein «pustepause» i jakta på Raw Air-suksess og stod over renna i Romania førre helg: Medan lagkameratane hoppa i Rasnov, var Johansson heime for å lade batteria. Søre Ål-hopparen hadde behov for å hente seg inn.

– Eg har brukt perioden heime veldig godt, og gleder meg skikkeleg til å konkurrere igjen, seier Johansson til skiforbundet.

Halvor Egner Granerud, som i Johanssons fråvær fekk sjansen i Rasnov, blir ikkje med til Lahti.

I Lahti er landslagssjef Alexander Stöckl klar på at dei jaktar ein pallplass.

– Helga i Rasnov var positiv med tanke på laginnsatsen. Tre mann topp ti i det andre rennet kjennest godt, men bismaken er at vi manglar ein pallplass. Vi skal prøve å ta nye steg, og med Johansson tilbake aukar sjansen for å bli endå betre i Lahti, seier landslagssjefen.

Tre renn står på programmet i Finland.

Stöckl har tatt ut desse hopparane til Lahti:

Johann Forfang, Anders Håre, Robert Johansson, Marius Lindvik, Robin Pedersen, Daniel Tande.

(©NPK)

Robert Johansson er klar for Lahti. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix