Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Justisminister Anders Anundsen (Frp) seier han er trygg på at norsk politi vil takle eit nytt terrorangrep mykje betre enn 22. juli-angrepa for fem år sidan.
npk@npk.no
Publisert: 24.06.2016 kl 12:47
– Norsk beredskap er vesentleg betre enn den var i 2011, fastslo Anundsen og politidirektør Odd Reidar Humlegård, då dei fredag inviterte til pressemøte med vignetten norsk beredskap fem år etter.
– Det er gjennomført gjennomgripande endringar i alt frå planverk, oppfølging, øvingar, tilsyn, kapasitetar og ressursar. Derfor er eg trygg på at politiet vil takle eit terrorangrep betre i dag enn i 2011, sa Anundsen til NTB.
Han understreka samtidig at det alltid er vanskeleg å seie korleis politiet vil respondere i ein konkret situasjon, fordi hendingane vil vere ulike.
– Men ein blir aldri ferdig å tilpasse seg nye utfordringar og byggje kapasitet. Det er eit perspektiv som nokre gonger blir borte i diskusjonen. Det er ikkje slik at ein kan komme fram til eit mål og så er alt i orden. Men norsk politi som organisasjon er mykje meir robust i dag enn for fem år sidan, sa han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.