Kjøpsvilkår / abonnementsvilkår

Abonnementsvilkår

Partane:
Seljar er Aarflots Prenteverk AS, Storgata 7, 6102 Volda
Org. 910 031 031
E-post: abonnement@mre.no
Tlf. 70 07 44 22
Aarflots Prenteverk AS vert rekna som seljar/seljaren

Kjøpar er den forbrukaren som føretek bestillinga, og vert sett på i det følgjande som kjøpar/kjøparen.

Generelt:
Desse abonnementsvilkåra gjeld for alle som abonnerar på papiravisa og/eller digitale produkt og tenesta frå seljar. Vilkåra kan endrast utan nærare varsel, men ved større endringar vil du bli bedt om å lese gjennom og akseptere vilkåra på ny.
Du som abonnent må sørgje for at avisa til ein kvar tid har rett kontaktinformasjon på deg.
Nyheitsbrev og kundefordelsprogram kan inngå som ein del av abonnementet, og blir kommunisert via e-post, sms, push-varslar eller mediehusets egne kanalar.

Kopiering: Alle artiklar, fotografi, grafikk med meir stillast til rådigheit for visning/lesing. Bruk og framstilling utover personleg bruk krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk for øvrig. Det henvises til opphavsrettsloven.

Produktet:
Produktet består av avisa Møre si digitale utgåve som kan lesast på datamaskin, nettbrett eller mobil, og nettsida mre.no med alt innhald. Produktet kan også innehalde den trykte papiravisa og levering av denne til dørmatte/postkasse dersom dette er bestilt.
Møre kan tilby ulike produkt:
Komplett:
Med abonnementet komplett får du tilgang til alt innhald digitalt (PC, mobil og nettbrett) med E-avis og pluss-sakene. I tillegg vert papiravisa levert til registrert adresse.
Ekstraordinære avisutgivelser på papir vert berre selt i laussal og er ikkje ein del av abonnementet.
Du kan flytte abonnementet til ny fast adresse eller til ferieadresse. Enkelte leveringar til midlertidig adresse kan medføre gebyr. Midlertidig stopp vert ikkje godskrive.
Digital:
Abonnementet gir tilgang til alt innhald digitalt (PC, mobil og nettbrett) med E-avis og mre.no sine pluss-saker.
Student:
Gjeld for student på høgskule- eller universitetsnivå. Gjeld studentar t.o.m. fylte 34 år. Eit vilkår for studentrabatten, er at vi kan kommunisere med deg per e-post. Det må framvisast gyldig semesterkort og studentbevis ved bestilling. For å kunne behalde eit studentabonnement må det innan 1. oktober kvart år framvisast på nytt. Om vi ikkje har mottatt dette innan denne datoen, vil abonnement automatisk bli endra til eit ordinært abonnement. Du vil få ei påminning om dette før fristen går ut.

Pris:
Prisen for vara og tenester på nett er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnadar. Prisar på dei ulike abonnementa finn du under «Bli abonnement». Avisa forbeheld seg retten til når som helst å endre prisane på det løpande abonnementet.
Priser for abonnement kan bli justert og nye prisar vil kome fram av nettsidene. For den enkelte abonnenten vert nye prisar gjeldande frå og med startdato for neste abonnementsperiode.

Betaling:
Eit abonnement vert betalt på førehand og går heilt til det vert sagt opp, eller rekninga ikkje vert betalt. Dermed krev seljar betaling frå det tidspunktet kjøpet vert gjennomført. Kjøpar får tilgang til produktet med ein gong.
Ved oppseiing går abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert stoppa etter dette. Ved kampanjekjøp blir abonnementet endra til eit ordinært abonnement og med ordinær pris automatisk, med mindre oppsigelsen vert mottatt seinast tre dagar før kampanjekoden går ut, eller du kan sjølv seie opp abonnementet på «Min side». Kjøpar har sjølv ansvaret for å følgje med på når kampanjekoden går ut. Ordinær pris vil då bli belasta betalingskortet for ei ny periode. Dersom ordinær pris ikkje kjem fram av bestillingsskjema, finn du desse på seljar si nettside eller ved å vende seg til kundesenteret.
Fakturagebyr kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret dett vekk ved AvtaleGiro/ kortbetaling og faktura på e-post.

Levering:
Produktet vert levert frå betalingstidspunktet ved kontinuerleg oppdatering av nettstaden mre.no og to utgjevingar i veka av e-avisa/den trykte papirutgåva. Nokre veker der det er raude dagar og heilagdagar, då vil Møre kome ut annleis, og med redusert frekvens. I feriane vert utgjevarfrekvensen redusert.

Angrerett:
Kjøper kan gå frå kjøpet innan 14 dagar etter betaling, elles går abonnementet til det blir sagt opp av kjøpar. Dersom ein ikkje betalar rekninga vil også abonnementet stoppast.

Oppseiing:

Abonnementet er bindande til det vert sagt opp av kjøpar, abonnementet kan ikkje seiast opp i bindingsperioden. Kjøpar kan sjølv, når som helst bestille stopp av abonnementet ved utløp.
Oppseiing kan vere skriftleg, enten elektronisk på Min side, alternativt pr. post eller e-post til seljar sitt kundesenter eller ved oppmøte. Abonnementet går ut perioden du har betalt for. Dette inneber at det ikkje vert gjeve refusjon for betalt inn beløp.
Dersom du ikkje har betalt abonnementet innan rimeleg tid etter forfall, blir avisleveringen og/eller digital tilgang stoppa og du vert fakturert for uteståande beløp.

Mangel på vara:
Om avisa blir borte på grunn av forhold utanfor seljar sin kontroll, eller andre leveringsproblem, vil seljar sitt erstatningsansvar avgrense seg oppetter til det kjøpar har betalt for tilsvarande tidsrom. Forseinka avis vil ikkje gi erstatning.
Tilgangen til digitale utgåver/tilgangar er knytt til ditt personlege abonnement. Forseinkingar eller nedetid på digitale utgåver og tenester vert ikkje godskrive.

Konfliktløysing:
Klage skal rettast til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøkje å løyse eventuell tvist i minneligheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøper ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.

Cookies:
For å kunne logge deg inn på nettavisa må du ha aktivert "cookies"-funksjonen i din nettlesar. "Cookies" vert nytta for å identifisere våre servere til din data, slik at dei kjenner att kvarandre.

Vilkår:
For å få tilgang til vår internetteneste og kunne nytte deg våre tenester, må du akseptere avtalevilkåra. Avtalevilkåra omfattar alle aspekt som styrer forståelsen mellom oss som leverandør og du som brukar. Avtalevilkåra er tilgjengeleg i våre Betingelser som du kan finne i registreringsskjemaet for nye brukarar og i botnen av login/Min Profil-sida.