Annonse

Justisministeren varslar rask reversering av domstolsreforma

Justisminister Emilie Enger Mehl vil ha den gamle domstolsstrukturen tilbake tidleg i stortingsperioden. – Vi kan ikkje berre lytte til toppleiarane i sektoren.

– Den sentraliserande reforma som Høgre-regjeringa innførte, vil over tid kunne svekkje domstolane som ikkje lenger er sjølvstendige, men som er underlagde andre domstolar som avdelingskontor, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NTB.

Domstolsreforma tredde i kraft 1. mai i år. Ho medførte at 60 tingrettar og 69 rettsstadar vart reduserte til 23 tingrettar, men talet på rettsstader vart behalde. Reforma skulle ikkje medføre at arbeidsplassar vart lagde ned.

Ho kom etter at Domstolskommisjonen i 2019 tilrådde å kutte i talet på tingrettar.

Fryktar for dei mindre rettsstadene

Mehl seier at ho fryktar at dei mindre rettsstadane kan bli skadelidande under reforma, mellom anna ved at talet på sorenskrivarar, som er dei administrative leiarane for domstolane, no er reduserte.

– Det at ein har sentralisert leiinga, kan gå ut over korleis ressursane blir prioriterte over tid og svekkje grunnlaget for at ein til dømes kan ha domstolar i Vågå, på Senja, i Molde eller i Kristiansund, der rettsstadane no er underlagde andre domstolar, seier ho.

– Domstolane skal ha tillit i befolkninga, og då må dei òg vere nær befolkninga dei skal tene.

Har fleirtal for reversering

Å igjen innføre strukturen frå før domstolsreforma vart gjennomført er ein del av Hurdalsplattforma til regjeringa. Også SV støttar ei reversering av reforma, og dermed er det fleirtal på Stortinget.

Samtidig har ei rekkje fagmiljø uttalt seg negativt om ei reversering, medan andre har påpeika at det ikkje er usannsynleg at rettsstadar vil bli lagde ned på sikt.

Mehl seier at ho vil lytte til breidda av innspel frå dei som blir ramma av den nye strukturen, som domstolstilsette, advokatar ved mindre rettsstadar og kommunane, når ho skal finne ut korleis reverseringa skal gå føre seg.

– Det er ikkje sånn at dei einaste ein skal lytte til, er toppleiarane i justissektoren, seier justisministeren.

Ho peikar på at 15 av dei 16 medlemmene i domstolkommisjonen, som skreiv rapporten som danna grunnlag for reforma, var frå større byar eller kommunar.

– Det var ikkje representasjon frå det som tidlegare var dei små og mellomstore domstolane, som no er avdelingskontor under andre domstolar. Derfor har dei stemmene vore borte i store delar av prosessen som førte fram til sentraliseringa av domstolane, seier Mehl.

Vil reversere tidleg i perioden

– Er det eit mål at reforma blir reversert før ho har sett seg skikkeleg?

– Ja, det kan eg vere tydeleg på. Eg trur ikkje det er gunstig for nokon at ein struktur som ikkje blir varig, får verke for lenge før ein gjer nye endringar.

– Utgangspunktet er å igjen innføre den gamle strukturen, med mindre det er semje lokalt om at ein synest dagens struktur er ei god løysing, seier Mehl.

Justisdepartementet jobbar no med å finne ut korleis reverseringsprosessen skal gå føre seg, men det er førebels ikkje avklart om det vil bli ein høyringsrunde.

– Målet er å gjennomføre dette tidleg i perioden så vi deretter kan konsentrere oss om korleis vi skal styrkje domstolane på andre måtar, seier Mehl.

Høgre: – Svært få er samde

Høgres justispolitiske talsperson Sveinung Stensland meiner justisministeren ikkje lyttar til faginstansane når ho vil gå vidare med reverseringa.

– Høgsterett, Juristforbundet, Dommerforeningen, Domstolsadministrasjonen, alle førstelagmennene i landet, sorenskrivarar, tillitsvalde i domstolane, fleire statsadvokatar, Økokrim-sjef og tidlegare Ap-statssekretær Pål Lønset – og ikkje minst barneombod Inga Bejer Engh, ber regjeringa la vere å reversere domstolsreforma. Dette overser justisministeren totalt. Det har dessverre gått prestisje i saka, seier Stensland.

– Det finst svært, svært få av relevant betydning som er samd med regjeringa om at det vil vere klokt å reversere domstolsreforma, seier han.

Han viser òg til svaret til justisministeren på eit skriftleg spørsmål han stilte, der Mehl skriv at den tidlegare strukturen skal innførast igjen «dersom ikkje domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom dei tillitsvalde er samde om å halde oppe dagens struktur.».

– Så vidt eg veit finst det ingen rettskrinsar i Noreg der desse tre partane er samde om ei reversering, så då har ho i praksis allereie avlyst sitt eige reverseringsløfte. Og det er Høgre glade for, seier Stensland.

(©NPK)

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil ha ei rask reversering av domstolsreforma som den førre regjeringa innførte. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK