Annonse

Røde Kors: 50 framleis sakna etter terrorangrepet i Nairobi

Terrorangrepet i Nairobi er over, og dei fem gjerningsmennene er «eliminerte». Men hotellkomplekset er ikkje søkt gjennom, og nærare 50 er framleis sakna.

Idet vitne såg tryggingsstyrkar byrje å søke gjennom hotellkomplekset DusitD2, vart ein ny eksplosjon høyrd onsdag formiddag.

Styresmaktene beskreiv søket som ein «ryddeaksjon» etter terrorangrepet i den kenyanske hovudstaden.

Få timar tidlegare kunngjorde Kenyas president Uhuru Kenyatta at alle gjerningspersonane som hadde angripe og terrorisert gjester ved hotellkomplekset i nærare 20 timar, var drepne.

- Terrorangrepet er over. Alle gjerningspersonane er eliminerte, erklærte han, og la til at minst 700 vart redda, men at 14 uskuldige menneskeliv hadde gått tapt.

- No byrjar ei omsynslaus jakt på kvar einaste person som var involvert i finansieringa, planlegginga og gjennomføringa av denne grufulle handlinga. Vi er ein nasjon som omfamnar fred, og som aldri gløymer dei som skadar barna våre, sa Kenyatta.

Usikkert dødstal

Sidan tryggingsstyrkane ikkje har søkt gjennom heile Dusit-komplekset, som i tillegg til hotellet består av både forretningslokale, spa og fleire restaurantar, er det knytt ein del uvisse til dødstalet kenyanske styresmakter har oppgitt. Kenyatta oppgav heller ikkje noko tal på såra.

Kenyanske Røde Kors seier ifølgje BBC at minst 24 personar mista livet, og til Reuters opplyser dei at 50 personar framleis er sakna.

Norsk UD sa onsdag morgon at dei jobba med å få oversikt, men at dei så langt ikkje hadde fått informasjon som tilsa at nordmenn var blant dei drepne eller sakna.

Amerikanske styresmakter har bekrefta at amerikanske Jason Spindler er blant dei drepne. Britisk UD har opplyst at ein person med delt britisk-sørafrikansk statsborgarskap også mista livet, mens sjukehuskjelder seier at elleve av dei drepne var frå Kenya.

Tok siste farvel

Terroraksjonen starta med ein eksplosjon utanfor ein bank og eit sjølvmordsangrep inne i hotellobbyen ved Dusit-komplekset tysdag ettermiddag.

Overlevande fortel at dei i timevis måtte gøyme seg i redsel under pultar, på bad eller i bilar mens angrepet gjekk føre seg. 38 år gamle Ronald Ng'eno fortel at han var sikker på at livet hans var over.

- Vêr så snill å fortelje familien min at eg elskar dei, skreiv han på Twitter, i det han trudde var det siste farvelet med kona dei to sønene.

Reuben Kimani, ein barista som arbeidde på hotellet, seier at han kjende igjen minst ein av angriparane fordi han hadde servert dei kaffi tidlegare på dagen.

- Eg kjende han igjen fordi han hadde eit stort arr på den eine handa. Seinare såg eg han og dei andre skyte seks av vennene mine. Fire overlevde, men to vart drepne, seier Kimani.

Somaliske ekstremistar

Kenyas politisjef Joseph Boinnet opplyser at det var til saman fem gjerningspersonar. Ein av dei sprengde seg sjølv tysdag, mens den siste av dei fem vart skoten og drepen av politiet onsdag morgon.

Den somaliske ekstremistgruppa al-Shabaab har sagt at dei stod bak aksjonen. Målet skal ha vore ein konferanse organisert av amerikanarar ved Dusit-hotellet.

- Møtestaden for konferansen vart endra i siste augneblink, seier sjef for antiterroreininga i det kenyanske politiet (ATPU), Mawira Mungania, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

Blir fordømt

Angrepet blir fordømt av FNs generalsekretær António Guterres, så vel som amerikanske og somaliske styresmakter.

Al-Shabaab har fleire gonger gjennomført angrep i Somalias naboland Kenya etter at kenyanske styrkar vart sende for å kjempe mot islamistgruppa i 2011. Det dødelegaste angrepet var retta mot Garissa-universitetet i 2015. 147 menneske vart drepne, hovudsakleg studentar. To år tidlegare kosta eit angrepet på kjøpesenteret Westgate Mall i Nairobi 67 menneske livet.

(©NPK)

Bilde frå overvakingskamera viser tungt væpna menn som tar seg inn i hotellkomplekset Dusit i Nairobi tysdag ettermiddag. Foto: AP / NTB scanpix

Tryggingsstyrkar hjelper sivile med å flykte under angrepet i Nairobi i Kenya tysdag. Foto: Ben Curtis / AP / NTB scanpix

Sivile flyktar frå hotellkomplekset mens angrepet framleis gjekk føre seg i den kenyanske hovudstaden Nairobi tysdag. Foto: AP / Khalil Senosi / NTB scanpix

Røde Kors-personell prøver å hjelpe ei kvinne som akkurat har fått vite at eit familiemedlem vart drepen i terrorangrepet i Nairobi dagen før. Foto: AP / Brian Inganga / NTB scanpix

Folk gøymde seg mellom bilar mens skota gjalla frå hotellkomplekset i Nairobi tysdag. Foto: AP / Ben Curtis / NTB scanpix