Annonse

Kilde: Trump forlèt Det kvite hus neste onsdag

President Donald Trump forlèt truleg Det kvite hus på morgonen same dagen som Joe Biden blir innsett som USAs nye president.

Det fortel ei kjelde med kjennskap til planane til Trump-familien til nyheitsbyrået AP. Kjelda vil vere anonym sidan ei endeleg avgjerd enno ikkje er teken.

Trump har allereie kunngjort at han ikkje vil vere til stades når Biden blir teken i eid onsdag neste veke. Dermed bryt han ein mangeårig tradisjon som symboliserer den fredelege overføringa av presidentmakta.

I fleire månader har Trump prøvd å undergrave Bidens legitimitet med ugrunna påstandar om valfusk i det amerikanske presidentvalet. Det er venta at Trump onsdag vil halde til på feriestaden sin i Florida saman med ei mindre gruppe støttespelarar.

(©NPK)