Annonse

Klæbo med heftig avslutning i Falun – ny norsk dominans

Langrennsstjerna Johannes Høsflot Klæbo avslutta i eigen klasse og tok sin 16. siger i verdscupen denne sesongen.

Klæbo smilte komfortabelt då han sette seg i leiarstolen, vel vitande om at dette kunne bli ein ny triumf. Det vart det.

– Han disponerer løpet heilt perfekt. Han går på styrkane sine og held igjen i motbakkane og har mykje krut å køyre med, sa Viaplays ekspert Niklas Dyrhaug.

Den siste kilometeren var 26-åringen utilnærmeleg. Martin Løwstrøm Nyenget vart nummer to med 10,7 sekund opp til Klæbo. Etter 9,1 kilometer var Nyenget 0,4 sekund framfor Klæbo.

Harald Østberg Amundsen vart nummer tre, 20,7 sekund bak.

Åtte nordmenn stilte til start i Falun. Alle var innanfor topp ti før bursdagsbarnet Calle Halfvarsson (33) dytta Mikael Gunnulfsen ned til 11.-plass. I femmila i Holmenkollen var det ti nordmann på dei ti første plassane.

Klæbo har no vunne 16 av dei 27 individuelle renna denne sesongen i verdscupen. Den førre rekorden på éin sesong hadde Martin Johnsrud Sundby (14) i 2015/16.

Rekorden uansett kjønn har Therese Johaug med 20 triumfar i 2019/20-sesongen. Den er ikkje umogleg for Klæbo å slå med tre sprintrenn og 20 kilometer fellesstart igjen.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo herja igjen. Her frå sprinten i Drammen.
Foto: Lise Åserud / NTB