Annonse

Klimaekspert: Nordmenn forstår ikkje kor farleg hetebølgjene er

Hetebølgjene som har oppstått dei siste somrane, skaper ekstremt farlege tilstandar som er vanskeleg for nordmenn å forstå, ifølgje klimaforskar Tore Furevik.

Fleire land i Europa er no ramma av hetebølgjer med temperaturar godt over 40 grader.

– Dei er jo dødelege, ikkje berre for naturen og dyr, men også for menneske. Det er ein klar samanheng mellom dødstala om sommaren og høge temperaturar, seier Furevik til NTB.

Han er professor ved Universitetet i Bergen og direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Furevik påpeikar at det mykje fokus på badetemperaturar når gradestokken måler opp mot 30 grader i Noreg, men understrekar at dei svært høge temperaturane som er i Sør-Europa no, også kan ramme Noreg.

– Vi ser stadig oftare at temperaturen når 30 grader i Noreg og tørke enkelte stader. Framover kan også vi oppleve den ekstreme heten som no har ramma ei rekkje middelhavsland, seier han.

Ekstremvarme i Europa

Fleire land i Europa har denne sommaren vorte ramma av kraftige hetebølgjer. Tusenvis har måtta evakuere frå den franske atlanterhavskysten på grunn av kraftige skogbrannar. I Spania slår meteorologane alarm om ekstremvarme i 16 av 17 regionar i landet.

Også Portugal, Storbritannia, Hellas og Italia har vorte ramma av hetebølgjene. Enkelte stader har gradestokken krope opp på 40 grader og høgare.

– Det vi ser no, er det klimamodellane har fortalt oss i tjue år, seier Furevik.

– Varmen gjer at det blir mindre damp i lufta og fører til mindre nedbør. Det gjer at tørre område blir endå tørrare, seier han vidare.

Hetebølgjene gir også auka fare skogbrannar og kan gi svekt luftkvalitet, som også utgjer ein helserisiko for menneske, legg Furevik til.

Meir av framover

Kombinasjonen av høge temperaturar og tørke vil ein sjå endå meir av framover, ifølgje klimaforskaren.

– Framtidige hetebølgjer vil bli endå varmare og vare endå lenger, seier Furevik.

Dei kraftige vêrforskjellane kjem ikkje overraskande på Furevik. Han seier at sjølv om klimaforskinga har peika i denne retninga i ei årrekkje, kan ein aldri vere heilt sikker på at vêret kjem av klimaendringar

Fordi vêr og vind endrar seg heile tida, påpeikar forskaren.

– Men ein kan med tryggleik seie at sjansane for at vi ville fått like høge temperaturar utan global oppvarming er liten, seier Furevik.

(©NPK)

Hetebølgja som ramma Italia i starten av juli, ramma jordbruksbønder. Fråværet av nedbør og ekstrem varme tørka ut delar av avlingane. Foto: Luca Bruno / AP / NTB

Det har oppstått skogbrannar fleire stader i Spania denne sommaren som følgje av hetebølgja som har skote gradestokken opp i 40 grader enkelte stader. Foto: Miguel Oses / AP / NTB

Klimaforskar og UiB-professor Tore Furevik åtvarar mot å fokusere for mykje på badetemperaturar i Noreg: – Ekstremheten kan vere dødeleg, seier han. Arkivfoto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB

Turistar bruker parasollar og hattar for å verne seg mot sola i Paris onsdag, på ein dag der det vart målt 35 grader. Foto: Thomas Padilla / AP / NTB

Hetebølgja får også straumforbruket til å stige kraftig, ettersom fleire tek i bruk klimaanlegg for å kjøle ned leilegheitene sine. Her frå Madrid onsdag. Foto: Paul White / AP / NTB