Annonse

Klimaendringar øydelegg norske kyrkjer

Halvparten av kyrkjebygga i Noreg har ròte- og fuktskadar, ifølgje ein ny rapport.

Ein ny tilstandsrapport frå Arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjeleg verksemder (KA) viser at varmare og våtare vêr truar norske kyrkjebygg. 752 av Norges 1.633 kyrkjer har problem med fukt og ròte.

- Det blir gjort mykje for å sikre og vedlikehalde norske kyrkjer, men større vassbelasting og fare for flaum og skred gjer at dette arbeidet no må intensiverast kraftig, seier spesialrådgjevar Kjersti Kambestad i KA til Nationen.

Den nye «kyrkjekontrollen» er oppmerksam på korleis klimaendringane påverkar kyrkjebygga, ettersom stadig fleire kyrkjer blir liggjande i område med høg rotefare.

Kambestad fortel at både tre- og murkyrkjer får utfordringar ved meir fukt over tid. Problema omfattar blant anna rotefare på materiale, mugg-/sopp-skadar, saltutslag og sprekkdanningar.

Yttertak og yttervegger er blant dei delane av kyrkjebygga som får størst slitasje, og som er mest vêrutsette. Vedlikehald av tak og vegger vil ofte gi omfattande og kostbare følgjeskadar.

Ifølgje Kambestad er det rapportert om mindre bra eller dårleg tilstand på yttervegger på 28 prosent av dei norske kyrkjene i 2017, og gjennomsnittleg tilstand er noko forverra sidan 2013.

- Dette er ei negativ utvikling som særleg rammar dei eldste kyrkjene som er mest sårbare. Skadane kan gi uerstattelege tap av kulturminne, seier ho.

Ifølgje berekningar frå Meteorologisk institutt vil talet på kyrkjer med skadar i 2030 truleg vere oppe i 824.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix