Annonse

Klimaforskar om tørke på fleire kontinent: – Har vorte skremd

Hetebølgjer og historisk tørke har ramma Europa, Kina og USA samtidig i sommar. Ekstremvêret forverrar seg i eit tempo som overraskar forskarar.

Denne veka kom omsider regnet til Sichuan-provinsen i Kina.

Men nedbøren som trefte den uttørka jorda, var altfor kraftig. Styresmaktene sende ut flaumvarsel, og over hundre tusen menneske måtte evakuerast.

I ein av landsbyane i Sichuan fall det 188 millimeter regn, ifølgje den statlege kringkastaren CCTV.

Vêromslaget kom etter ein lang periode med rekord-tørke og den mest intense hetebølgja som nokon gong er registrert i Kina.

– Denne hetebølgja gjekk lenge under radaren i vår del av verda. Men ho er endå meir eksepsjonell enn dei som har ramma Europa, seier klimaforskar Tore Furevik til NTB.

Inntørka elvar

I europeiske medium er det heten og tørken i Europa som har fått mest merksemd. Store elvar har tørka inn, rekordmykje skog har brunne, bønder fortvilar, vasskraftverk har stansa opp, og energikrisa i kjølvatnet av Russlands krig mot Ukraina har vorte endå verre.

Tørken er sannsynlegvis den verste i Europa på 500 år, ifølgje EU-kommisjonen.

Også i 2018 vart Europa ramma av ekstrem tørke, og på dette tidspunktet var denne tørkeperioden truleg den verste på eit halvt tusenår. No ser det ut til at rekorden er slått, etter berre fire år.

Likevel kan hetebølgja i Kina vere minst like eksepsjonell. Magasinet New Scientist har intervjua vêrstatistikaren Maximiliano Herrera, som meiner den kinesiske hetebølgja er den verste som nokon gong er registrert på kloden.

– Den kombinerer den mest ekstreme intensiteten og den mest ekstreme lengda med eit utruleg stort område. Alt på same tid, seier Herrera.

– Det finst ingenting i klimahistoria i verda som er i nærleiken av det som skjer i Kina, legg han til.

Fleire hundre varmerekordar

Heten i Kina har vart i over to månader. Det som er eksepsjonelt, er korleis han har avvike frå «normalen» i det aktuelle området, forklarer Furevik.

Ved rundt 30 prosent av dei 600 vêrstasjonane langs Yangtze-elva er det sett nye varmerekordar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Parallelt med ekstremvêret i Kina og Europa har det også vore ekstrem hete og tørke i USA. Her vart det sett ei rekkje nye varmerekordar i slutten av juli.

Den sørvestlege delen av USA er inne i ein svært langvarig tørkeperiode som har vart i over 20 år. Tørken er den verste på 1.200 år, ifølgje ein studie som vart publisert tidlegare i år.

Somalia og andre land i Aust-Afrika er også ramma av tørke som har vart i fleire år. Her er det fare for hungersnød, ifølgje FN.

Tørken på Afrikas Horn har litt andre årsaker enn på den nordlege halvkula. Men Kina, Europa og USA er ramma av same type historisk ekstremvêr på same tid – noko som i utgangspunktet er svært usannsynleg.

– Den underliggjande årsaka er dei menneskeskapte klimaendringane, seier Furevik, som er professor ved Universitetet i Bergen og direktør ved Nansensenteret.

Raskare enn venta

I nokre av dei ramma områda blir tørken knytt til vêrfenomenet La Nina, som har prega vind- og havstraumar over store delar av verda sidan 2020.

Men hete og tørke har vorte langt meir sannsynleg både i Sør-Europa, deler av Kina og den sørvestlege delen av USA som følgje av den globale oppvarminga. Ekstremvêret i sommar ville ikkje skjedd utan klimaendringane, ifølgje Furevik.

Han seier ekstremvêret no forverrar seg raskare enn forskarane hadde venta. Eitt døme er den nye varmerekorden i Storbritannia på over 40 grader.

– Eg har personleg vorte litt skremde av det vi har sett i år, seier Furevik.

Seniorforskar Bjørn Hallvard Samset ved Cicero senter for klimaforsking har også inntrykk av at ekstremvêret utviklar seg raskare enn anteke.

– Det er veldig alvorleg, seier han, og viser til dei store ringverknadene som ekstrema får i samfunnet.

Flaum og uvêr øydelegg bygg og infrastruktur, og tørkeperiodar og hete kan true matproduksjonen.

– Det er ein risiko for at matproduksjonen kan kollapse i eit større område, og at dette vil vare over tid, seier Samset til NTB.

Svekt jetstraum

Kvifor vêret endrar seg raskare enn anteke, er forskarane usikre på. Både Samset og Furevik peikar på ein mogleg mistenkt: Eit belte av vind høgt oppe i atmosfæren som blir kalla den polare jetstraumen.

Den er tett knytt til vêret over heile den nordlege halvkula. I sommar har jetstraumen vorte kraftig svekt, noko som kan føre til at høgtrykk blir liggjande lenger på same stad.

Mange forskarar meiner klimaendringane svekkjer jetstraumen, men dette er eit spørsmål som ikkje er endeleg avklart.

Furevik nemner også at tørkeperiodar påverkar temperaturane lokalt. Er bakken tørr, blir det varmare enn om jordsmonnet er fuktig – sidan noko av energien frå sola då blir «eten opp» av vatn som fordampar.

Denne effekten har det vore vanskeleg å plotte inn i dei store datamodellane som blir brukte til å berekne korleis klimaet vil utvikle seg.

Straumrasjonering

Når det ligg eit stillståande høgtrykk éin stad i verda, er det gjerne gjentakande lågtrykk ein annan stad.

Furevik peikar på den kraftige flaumen i Pakistan og det dårlege vêret på Vestlandet som moglege døme på dette fenomenet no i sommar.

– Den dårlege sommaren på Vestlandet kan henge saman med det som skjer i Sør-Europa, seier han.

Både i Europa og Kina har heten og tørken hatt store samfunnsmessige konsekvensar. I den kinesiske Sichuan-provinsen var det førre veke straumrasjonering, sidan vasskraftverk vart ramma av vassmangel.

I tillegg auka straumbehovet i takt med at folk skrudde opp aircondition-anlegg.

Vassmangel har også ramma vasskraftverk i Noreg og fleire søreuropeiske land. Franske atomkraftverk har fått for lite kjølevatn, og i tillegg blir det lite vindkraft når det er heitte og vindstille.

Bønder både i Europa og Kina har sett avlingar tørke bort. Energimangelen har begge stader ført til auka produksjon av kolkraft, noko som fører til større utslepp av klimagassen CO2.

(©NPK)

Bonden Gan Bingdong i botnen av eit uttørka vassmagasin i Chongqing kommune, sørvest i Kina, i midten av august. Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

Kinas største innsjø med ferskvatn, Poyang, hadde krympa til 25 prosent av normal størrelse under hetebølgja i midten av august. Foto: Wan Xiang / Xinhua / AP / NTB

Vatn rann i kanalar over den uttørka botnen av innsjøen Poyang i Jiangxi-provinsen i midten av august. Foto: Wan Xiang / Xinhua / AP / NTB

Kinesarar ved breidda av den tørkeramma elva Jialing i byen Chongqing, som har over 20 millionar innbyggjarar, 20. august. Jialing er ei sideelv til Yangtze, Asias lengste elv. Nedbøren i områda langs Yangze i sommar har vore den lågaste som nokon gong er registrert. Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

Denne veka kom regnet omsider til millionbyen Chongqing i Kina. Styrtregnet førte til flaum, og over hundre tusen menneske måtte evakuerast. Foto: Chinatopix / AP / NTB

Ein lekter køyrer forbi sandbankar i Rhinen i Bacharach i Tyskland i midten av august. Vasstanden i EUs nest lengste elv fall i sommar til eit historisk lågt nivå. Foto: Boris Roessler / DPA / AP / NTB

Død fisk på den uttørka botnen av elva Tille i Lux i Frankrike 9. august. Foto: Nicholas Garriga / AP / NTB

Ein traktor virvlar opp støv på eit jorde i nærleiken av Frankfurt i Tyskland i førre veke. Tørken i Europa i sommar er truleg den verste på 500 år. Foto: Michael Probst / AP / NTB

Låg vasstand i Donau, EUs lengste elv, i den ungarske hovudstaden Budapest 9. august. Foto: Anna Szilagyi / AP / NTB

Bonden Kelly Anderson på eit av sine uttørka jorde i Maricopa i delstaten Arizona i USA i midten av august. Foto: Matt York / AP / NTB

Lake Powell, som fungerer som eit vassmagasin, ved den tørkeramma Colorado-elva ved grensa mellom Arizona og Utah i USA. Foto: John Antczak / AP / NTB

Ein sokken båt med akterenden gravlagt i den uttørka botnen av Lake Mead i delstaten Nevada i USA i juni. Foto: John Locher / AP / NTB