Annonse

Klimaungdommen i samla flokk - SV krev handling frå Solberg

SV krev konkrete tiltak frå statsministeren, som møtte dei mange klimastreikande ungdommane fredag.

Fredag formiddag samla mange ungdommar seg i Oslo og ei rekke andre byar for å protestere mot klimapolitikken til regjeringa.

- Eg reknar med at statsminister Erna Solberg vil komme klimaungdommen i møte med konkrete tiltak og ikkje tomme ord, seier SV-leiar Audun Lysbakken i forkant av dei mange klimastreikane landet over.

Forventningane er store før talen til statsministeren framfor Stortinget fredag. Der skal ho møte mange av dei klimastreikande ungdommane.

Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom håpar statsministeren har meir å komme med enn sist når ho skal møte den yngre generasjonen fredag.

Even Jacobsen (13), som er ein av initiativtakarane til streiken i Noreg, har òg store forventningar til at statsministeren skal levere.

- Eg vil at Solberg skal seie at ho tar framtida vår på alvor og vil innfri krava våre! Det som vil vere mest provoserande, er om ho held fram å rose engasjementet vårt, men ikkje lyttar, seier han til NTB.

Den store testen kjem i juni, når statsminister Erna Solberg og alle partia i regjeringa og opposisjonen skal stemme over forslaga til dei klimastreikande ungdommane om å erklære klimakrisa som ein nasjonal nødsituasjon.

(©NPK)

Barn og unge protesterer mot klimapolitikken. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg skal tale til klimastreikande unge utanfor Stortinget fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg skal tale til klimastreikande unge utanfor Stortinget fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix