Annonse

Klimautsleppa steig til nytt rekordnivå i fjor

CO2-utsleppa frå fossil energi gjorde eit nytt hopp i 2018, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA). Mykje av auken kjem frå kolkraft.

CO2-utsleppa frå fossil energi gjorde eit nytt hopp i 2018, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA). Mykje av auken kjem frå kolkraft.

- Vi såg ein ekstraordinær auke i den globale etterspørselen etter energi i 2018, sa IEA-sjef Fatih Birol tysdag.

Auken i energiforbruket førte òg til vekst i utslepp av CO2, den viktigaste av klimagassane som bidrar til global oppvarming.

IEA anslår at veksten i dei globale energi-relaterte utsleppa var på 1,7 prosent. Auken var den kraftigaste sida 2013.

Utsleppsauken i fjor var like stor som dei samla årlege utsleppa frå heile luftfarten i verda, ifølgje IEA.

Unge protesterer

Utsleppa skyt fart samtidig som forskarar etterlyser store utsleppskutt for å unngå dramatisk global oppvarming.

Hundretusenvis av skuleelevar og unge demonstrerte nyleg i ei lang rekke land med krav om meir effektive klimatiltak. I Noreg vart det halde store elev-protestar fredag i førre veke.

IEA stadfestar tendensen i førebelse anslag som vart presentert i desember av Global Carbon Project. Anslaga tydde på at CO2-utsleppa knytt til fossil energi og sementproduksjon i fjor hadde stige med 2,7 prosent.

Auken kjem mellom anna av økonomisk vekst og større behov for energi til både oppvarming og aircondition. I ei rekke land var det ekstremt varmt i fjor sommar, noko som auka behovet for avkjøling.

Kol og olje

Fossil energi og industriprosessar er samla sett den viktigaste kjelda til utslepp av CO2.

Av dei fossile energikjeldene blir kol brukt i kraftverk, medan olje i stor grad går til transport. Naturgass blir brukt både til straumproduksjon, industri og oppvarming.

I tillegg til dette kjem menneskeskapte utslepp av CO2 og den kraftige klimagassen metan frå mellom anna landbruk og avskoging.

Klimagassar slepp òg ut frå ei rekke naturlege kjelder. Ei av desse er smeltande permafrost i Arktis - som er venta å føre til større utslepp etter kvart som verda blir varmare.

Soloppgang

Mesteparten av auken i energiutsleppa i fjor kom frå kolkraftverk, ifølgje IEA. Mange av desse kraftverka er i Asia.

Utsleppa auka både i Kina, India og USA, medan dei gjekk ned i Tyskland, Japan, Storbritannia og Mexico.

Utbygginga av sol- og vindkraft skjer i svært høgt tempo, og veksten i solenergi skal i fjor ha vore på heile 31 prosent.

Men denne veksten skjer frå eit lågt nivå. Dermed går ikkje utviklinga fort nok til å vege opp for den aukande bruken av energi.

- Det viser endå ein gong at vi raskt må ta fleire grep på alle frontar, seier IEA-sjef Fatih Birol.

CO2-utsleppa låg ganske stabilt i nokre år fram til 2017, noko som gav håp om at dei hadde stabilisert seg. Men no har dei igjen stige betydeleg to år på rad.

(©NPK)

Solnedgang bak eit kolkraftverk i Juliette i USA. Kolkraft er ei av dei største kjeldene til utslepp av CO2. Foto: Branden Camp / AP / NTB scanpix

Aukande CO2-utslepp er det motsette av kva desse elevane ønsker seg. Dei deltok i skulestreiken utanfor Stortinget fredag i forrige uke. Foto: Tom Hansen / NTB scanpix