Knalltøff kvalifisering i EM i orientering

(NPK-NTB): Ni av 12 norske løparar er klare for fredagens finale på mellomdistanse i EM i orientering.

Under torsdagens kvalifisering var det krevjande frå start, men dei norske løparane var førebudde på det som venta. Carl Godager Kaas gjekk heilt til topps i sitt heat.

– Planen var å springe kontrollert og ta meg tid til å orientere. Eg løp trygt og greitt, men det var krevjande, sa han etter å ha sprunge i mål til bestetid i heat B frå siste startnummer.

Det var fleire som hadde problem, og tre av dei norske løparane var for seint ute til å springe seg inn blant dei 17 beste og finaleplass.

Sigrid Alexandersen (19), Ingjerd Myhre (18) og Jo Forseth Indgaard (20) tok seg ikkje til finalen. For dei to førstnemnde mangla det berre nokre sekund, medan Indgaard var minuttet for seint ute til finaleplass.

– Våre unge utøvarar fekk verkeleg prøve seg her i ein krevjande løype kor det er sikker springing som gjeld. Det blei også ein liten lærepenge for nokre av dei, sa landslagssjef Kenneth Buch.

Tysdagens langdistansevinnar i EM, sekunden Daniel Hubmann, pådrog seg store tidstap og kvalifiserte seg ikkje til finalen på mellomdistanse.

Dei norske som er finaleklare er Carl Godager Kaas, Torgeir Nørbech, Gaute H. Steiwer, Magne Dæhli og Håkon Westergård (menn), Emma Johansson, Heidi Bagstevold, Marianne Andersen og Ida Marie Bjørgul (kvinner). (©NPK)

Annonse