Annonse

Kongeleg jul på Kongssetra

Kongefamilien stilte samla til den årlege julefotograferinga på Slottet fredag. Jula skal dei feire saman på Kongssetra.

Dei siste åra har kronprinsfamilien veksla mellom å feire jul på Kongssetra, Skaugum og på hytta i Uvdal. I år blir det jul saman med kongeparet på Kongssetra, opplyser Slottet til NTB.

Kongssetra er den private eigedommen til kongeparet og ligg på Voksenkollen i Oslo.

Første juledag vil heile kongefamilien vere til stades under gudstenesta i Holmenkollen kapell.

I tida før jul vil kronprinsesse Mette-Marit besøkje arrangementet Vårt Nabolag på Dikemark Asylmottak søndag 16. desember. Vårt Nabolag er ein festival som har som mål og styrkje bandet mellom asylsøkarar og dei som bur i nabolaget, ifølgje kongehuset.no.

Dagen etter vitjar kronprinsessa og kronprins Haakon foreininga For Fangers Pårørende. Arrangementet er eit førjulstreff for barn, unge og vaksne som har ein familiemedlem som sit i fengsel.

Dronning Sonja har i mange år gjennomført førjulsvisitt ved ein institusjon eller hos ein organisasjon som ikkje til vanleg får kongelege gjester. I år vil dronninga besøkje barnesenteret på Ullevål sjukehus fredag 21. desember.

(©NPK)

Kongefamilien stilte fredag til den årlege julefotograferinga på Slottet. Framme: kong Harald og dronning Sonja. Bak frå venstre prinsesse Ingrid Alexandra, kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon og prins Sverre Magnus. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kongefamilien skal feire jula saman på Kongssetra i år. Framme: kong Harald og dronning Sonja. Bak f.v.: prinsesse Ingrid Alexandra, kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon og prins Sverre Magnus. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det var julestemning på Slottet under den tradisjonelle julefotograferinga. Bak f.v.: prinsesse Ingrid Alexandra, kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon og prins Sverre Magnus. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Prinsesse Ingrid Alexandra, kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon og prins Sverre Magnus feirar jula på Kongssetra saman med kong Harald og dronning Sonja. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix