Annonse

Kongeparet gjekk i land

Kongeparet gjekk fredag i land frå kongeskipet Norge for siste gong denne sesongen.

Mens ekstremvêret Knud var på veg inn Oslofjorden, fortøydde kong Harald kongeskipet i Frognerkilen i Oslo fredag ettermiddag.

«Denne uken debarkerer Hans Majestet Kong Harald Kongeskipet», var meldinga på vekprogrammet til monarken. Omsett til moderne norsk betyr det at han går i land for sesongen.

I selskap med dronning Sonja inspiserte kongen skipet og snakka med mannskapet før skipet no skal klargjerast til neste sesong. Etter inspeksjonen vart kongeparet ført i land i sjaluppen.

- Dette markerer slutten på sesongen for skipet, som seinast var å sjå offisielt på fylkesturen til kronprinsparet i Vestfold, skriv Kongehuset på sine heimesider.

I juni brukte kongeparet skipet som base under sin rundtur i Nordland.

Kongen eig kongeskipet Norge, men det blir forvalta av Forsvaret. Besetninga er meir enn halvert i vinterhalvåret, men om sommaren er den på 54 personar.

Kongeskipet var opphavleg ei folkegåve til kong Haakon i høve 75-årsdagen. I 1947 vart den ti år gamle britiske yachten Philante kjøpt og bygd om til bruk som kongeskip. 9. juni 1948 vart folkegåva overrekt til kong Haakon. Skipet fekk namnet Norge.

(©NPK)

Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

OSLO 20180921.
Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

OSLO 20180921.
Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

OSLO 20180921.
Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix