Annonse

Kontrollkomiteen krev Nav-svar frå Hauglie

Kontrollkomiteen på Stortinget sender ei rekke spørsmål om Nav-saka til arbeidsminister Anniken Hauglie (H). Ho må truleg stille til høyring allereie før jul.

- No har vi byrja å jobbe med saka. Vi er samde om å sende ein del spørsmål til arbeidsministeren, seier Eva Kristin Hansen i Arbeidarpartiet. Ho vart vald til saksordførar for behandlinga av Nav-skandalen i kontroll- og konstitusjonskomiteen då komiteen møttest til det første møtet om saka tysdag.

Det første komiteen vil ha svar på, er korleis statsråd Hauglie skal rette opp i feila overfor dei som har vorte urettferdig behandla. Minst 48 personar har vorte uskuldig dømde i domstolane, og fleire tusen har fått urettmessige pengekrav mot seg frå Nav.

- Så kjem vi til å stille spørsmål om saksgangen og be om innsyn i saksdokument og kommunikasjon mellom departementet og Nav for å få innsyn i kvifor det tok så lang tid før dette vart oppdaga, seier Hansen.

To granskingar

Granskinga i kontrollkomiteen skal gå parallelt med arbeidet til eit eige granskingsutval som regjeringa har utnemnd.

- Regjeringa har jo bestemt kven som skal granske dei sjølve. Eg meiner at Stortinget burde ha granska regjeringa. Men no blir det ein større og viktigare oppgåve for oss i kontrollkomiteen, seier saksordføraren.

Ho understrekar at dei ikkje er avhengige av resultatet i granskinga til regjeringa før dei kan konkludere i saka.

- Eg tenkjer at vi kan gjere ein jobb heilt sjølvstendig. Heilt uavhengig av det utvalet som regjeringa har utnemnt, seier ho.

Høyringar

Det neste steget for komiteen blir å sende endå fleire spørsmål til dei ansvarlege statsrådane og dessutan kalle dei inn til høyring.

- Vi treng å vite korleis det kunne gå så lang tid frå Trygderetten byrja å påpeike at Nav hadde feil praksis, til det fekk konsekvensar for saksbehandlinga, seier leiaren i kontrollkomiteen, Dag Terje Andersen (Ap).

Han opplyser at komiteen skal halde høyring «så snart som praktisk råd», men at dei treng svar på nokre spørsmål frå statsråden først.

Hansen reknar med at det blir høyringar i saka allereie før jul.

Hauglie får frist til kommande tysdag med å svare på dei første spørsmåla. Likevel er det venta at kontrollkomiteen allereie på det neste møtet torsdag vil stille statsråden fleire spørsmål i saka.

Varsla i juli 2018

Tysdag vart det òg kjent at Navs klageinstans i juli 2018 varsla leiinga i Nav om at EU-reglane kan ha vorte tolka feil.

I eit notat skriv klageinstansen at reglane for eksport av trygd blir praktiserte ulikt internt i heile Nav, og at det er behov for ei avklaring om forståinga av trygdereglane i EU.

Det var VG som først omtalte saka.

Notatet låg som vedlegg til eit brev Nav sende til Hauglie 20. desember i fjor, men vart først offentleggjort i helga. I notatet går det klart fram at klageinstansen meiner at langvarige opphald i EØS-land fell inn under EU-regelverket.

Hadde informasjon

«Vi mener artikkel 21 må forstås slik at den likestiller opphold i utlandet som kan karakteriseres som 'midlertidig bosted' med bosted», heiter det i notatet.

Den informasjonen låg altså på Hauglies bord elleve månader før Nav-skandalen sprakk.

Hauglie har fleire gonger, mellom anna i forklaringa si til Stortinget, peika på at departementet ikkje vart klar over at EU-reglane òg gjaldt langvarige utanlandsopphald før i august i år.

(©NPK)

Eva Kristin Hansen frå Arbeidarpartiet vart vald til saksordførar på det første møtet om Nav-skandalen i kontrollkomiteen.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix