Annonse

KrFU-leiaren vil ha KrF inn i regjering

KrFU-leiar Martine Tønnessen vil ha KrF inn i regjeringa, og ho håpar å få landsmøtet i ungdomspartiet med på det.

- Eg veit det vil vere veldig mange ulike syn i salen. Men for meg personleg har saka vore enkel. Eg meiner vi må i regjering, sa Tønnessen i opningstalen til landsmøtet fredag, skriv Vårt Land.

Avklaringa kom ikkje som noka overrasking. Fredag morgon tona ho flagg i NRK:

- Eg meiner at KrF vil få mest igjen i regjering. Det er berre sånn vi kan ha handa på rattet og vere med i dag-til-dag-avgjerder, sa ho.

Ope utfall

Tønnessen viser til at partiet allereie har samarbeidd med den sitjande regjeringa i fem år. Hadde KrF vore med i regjeringa, ville partiet fått endå meir gjennomslag, er resonnementet. At Per Sandberg og Sylvi Listhaug er ute av regjering gjer det også enklare å få til eit ja, meiner ho.

Men meningane i ungdomspartiet er delte. Dei to avtroppande nestleiarane Jarle Aarbakke Tollaksen og Olaus Trygve Bjuland tar til orde for å gå inn i regjering, mens de to påtroppande nestleiarar, Edel-Marie Haukland og Nikolai Skogan, åtvarar sterkt mot Frp-samarbeid.

Dagen før ungdomspartiet laurdag tar stilling til samarbeidsspørsmålet, er det ifølgje Vårt Land ingen som vågar å tippe på utfallet.

Hareide open

KrFU har tre representantar i KrFs landsstyre som samlast fredag 28. september. Same organ møtest på nytt 9. november - og innan den tid er forventninga at partileiar Knut Arild Hareide er klar for å gi sin anbefaling til vegvalet.

Ifølgje NRK-kommentator Lars Nehru Sand er NRK kjent med at Hareide langt frå er framand for å søke regjeringsmakt med Arbeidarpartiet og eventuelt også Senterpartiet. Saman med SV vil dei fire partia ha fleirtal på Stortinget.

SV-leiar Audun Lysbakken seier til NTB at han ikkje vil delta aktivt i noko frieri til KrF, fordi han vil respektere dei interne prosessane i partiet. Men han legg til at SV vil forhandle med parti som er villig til å forhandle med dei.

Under sperregrensa

Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen i BT skriv at dersom Hareide rår partiet til å søke samarbeid med Ap fram mot neste val, kan konsekvensen fort bli at Solberg-regjeringa går av.

Utfordringa er at store delar av KrFs veljarmasse identifiserer seg sjølve som borgarlege. Meiningsmålingar har vist at ein stor del av KrF-veljarane føretrekkjer Erna Solberg framfor Jonas Gahr Støre som statsminister.

Før stortingsvalet i fjor haust avklarte KrF at partiet ville søke regjeringsakt, at dei ville støtte Erna Solberg (H) som statsminister, men ikkje ville sitte i regjering med Frp.

Partiet fekk 4,2 prosent oppslutning og mista to mandat.

Sidan den gong har Hareide kjent eit stadig gufs frå sperregrensa i nakken. Gjennomsnittet på fem stortingsmålingar så langt i september er 3,6 prosent. Det held til ei minigruppe på Stortinget med tre mandat, ifølgje Poll of polls.

Geografisk splitting

KrFUs landsstyre sa med knapt fleirtal nei til å gå inn i regjering då dei behandla spørsmålet i august.

Ifølgje Vårt Land er det sterkast ja-stemning i fylkeslaga til ungdomspartiet frå Rogaland og Agder, som er blant dei med flest delegatar på landsmøtet, mens fylkeslaga frå Austlandet og resten av landet vippar mot å vende tommelen ned.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) held regjeringsdøra open for KrF. Fredag kveld dukka ho opp på KrFUs landsmøte på Gardermoen. Der vart ho tatt imot av leiaren i ungdomspartiet,Martine Tønnessen, som gjerne ser at moderpartiet går inn i regjeringa. Foto: Berit Roald / NTB scanpix