Annonse

Kristersson trur han får regjeringsoppdraget i Sverige

Moderaternas leiar Ulf Kristersson trur han får regjeringsoppdraget når talmannen i Riksdagen onsdag kunngjer neste steg i Sveriges søken etter ny regjering.

- Mitt draumescenario er at vi får danne den neste svenske regjeringa og gjennomføre så mykje vi berre kan av Alliansens borgarlege politikk, sa Ulf Kristersson tysdag.

Tysdag opplyste Riksdagen at talmannen Andreas Norlén, som svarar til den norske stortingspresidenten, onsdag vil kunngjere kven som får regjeringsoppdraget etter at både sosialdemokraten Stefan Löfven og Kristersson har mislukkast.

- Eg vil helst danne ei Allianseregjering, men om det ikkje går så vil eg danne ei regjering som formelt sett kanskje er lita, men som akkurat derfor kjem til å vere brei og inkluderande, seier Kristersson.

Til no har Norlén brukt to av fire moglege forsøk på å finne ein statsminister som kan bli godkjent av Riksdagen. Lukkast han ikkje blir det omval i Sverige.

(©NPK)

Moderaternas partileiar Ulf Kristersson håpar framleis på å overta regjeringsmakta. Foto: Pontus Lundahl/ TT / NTB scanpix