Annonse

Löfvens skjebne blir avgjort tysdag

Tysdag kjem Riksdagen i Sverige til å stemme om statsministerposten. Alliansen håpar då på å kunne avsette statsminister Stefan Löfven.

- Når det gjeld spørsmålet om statsministeravstemminga har eg i dag saman med gruppeleiarane vedteke at den skal skje i morgon klokka 9.30, seier riksdagens nyvalde leiar Andreas Norlén på ein pressekonferanse måndag.

Dersom Löfven og Socialdemokraterna taper avstemminga, kan det ta fleire dagar før ei ny statsministeravstemming kan haldast, seier talmann Norlén, som høyrer til Moderaterna.

- Det kjem til å ta betydeleg meir enn 24 timar, slår han fast.

Kva vilkår som gjeld for å kunne danne regjering, eksempelvis om det er krav om ein garanti for å få støtte for statsbudsjettet i Riksdagen, vil han ikkje gå inn på.

- Det er eit spørsmål eg kjem til å fundere på, om det blir aktuelt å danne ein ny regjering har eg ikkje tatt stilling til enda, seier Norlén.

- Det grunnleggjande kravet er at statsministeren må tolererast av riksdagen. Det inneber at 175 representantar ikkje stemmer nei, legg han til.

Alliansen, som består av Moderaterna, Centerpartiet, Kristdemokraterna og Liberalerna, har 143 representantar i riksdagen etter valet i Sverige. Dei vil truleg trenge støtte frå Sverigedemokraterna, som har 62, for å avsette Löfven.

(©NPK)

Tysdag stemmer Riksdagen over om dei tolererer statsminister Stefan Löfven (S) i Sverige. Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB scanpix.