Annonse

Langt færre reiser med buss for tog i sommar

Under halvparten av passasjerane som vanlegvis reiser med buss for tog på Austlandet om sommaren, har gjort det i år.

– Spesielt er fallet stort i veka vi har bak oss, seier kommunikasjonssjef Gina Scholz i Vy til Aftenposten.

Sidan 2009 har delar av lokaltogtrafikken rundt hovudstaden vore stengd om sommaren, kaoset som til tider har råda, har halde seg borte i år. Det er òg færre bilar enn i fjor sommar på E18 inn til Oslo, ifølgje avisa.

Scholz i Vy trur heimekontor er forklaringa på at færre reiser inn til byen.

– Folk er flinke til å følgje reglane som handlar om ikkje å reise om det ikkje er naudsynt, reise på andre tider av døgnet og ha heimekontor, seier ho.

(©NPK)

På fleire togstrekningar må dei reisande ta buss for tog medan arbeidet med oppgradering av jernbana blir gjort om sommaren. Men i år gjeld dette langt færre, ifølgje tal frå Vy.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK