Annonse

Lastebilprodusenten Kamaz innfører tredagars veke for 5.500 arbeidarar

Russiske Kamaz reduserer arbeidstida for 5.500 tilsette. Årsaka er mangel på delar som følgje av vestlege sanksjonar.

Ifølgje nettstad Vesti Kamaza har leiaren i selskapet Sergei Romanyuk tilbode alle dei ramma ved fabrikken i byen Naberezjnyje Tsjelny mellombels tilsetjing for å halde dei på lønningslista.

Russlands økonomi har vorte hardt ramma av vestlege sanksjonar etter at russiske styrkar gjekk inn i Ukraina i slutten av februar. Mange bedrifter har valt å kutte arbeidstimar for tilsette og redusere lønningane.

Eit fleirtal av dei 40.000 arbeidstakarane hos Russlands leiande bilprodusent AvtoVAZ vart permitterte i byrjinga av april og får no to tredelar av den normale lønna si. Permisjonen skal vare til minst 6. juni, ifølgje selskapet.

(©NPK)