Annonse

Lippi blir landslagssjef for Kina - igjen

Italienske Marcello Lippi er tilbake som trenar for det kinesiske herrelandslaget i fotball, fire månader etter at han vart erstatta av Fabio Cannavaro.

71-åringen, som måtte gå etter tapet mot Iran (0-3) kvartfinalen i Asia-meisterskapet i januar, skal no prøve å ta Kina til VM-sluttspelet i Qatar i 2022.

Kina har berre deltatt i VM éin gong tidlegare, i 2002. Den gongen reiste dei heim utan poeng og utan å ha scora eitt einaste mål.

- Vi trur på framtida under Lippis leiarskap og at landslaget vil oppnå draumane sine om VM, skriv det kinesiske fotballforbundet i ei fråsegn.

Lippi, som leidde Italia til VM-gull i 2006, vart erstatta av Fabio Cannavaro, som i tillegg til landslagsjobben var trenar for den kinesiske klubben Guangzhou Evergrande. Men då Kina tapte mot Thailand og Usbekistan i Cannavaros to første kampar gav han seg og sa det ikkje lét seg gjere å kombinere dei to jobbane

No er Lippi tilbake som sjef. Den første kampen til italienaren etter returen blir 7. juni heime mot Filippinane, følgd av endå ein heimekamp mot Tadsjikistan fire dagar seinare

VM-kvalifiseringa for Kina startar i september.

(©NPK)

Det er lenge sidan Marcello Lippi var sjef for det italienske landslaget. Bildet er frå 2005 då Italia skulle møte Noreg på Ullevål. No er italienaren sjef for det kinesiske landslaget. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix