Annonse

Liten auke i innlagde koronapasientar – ingen på respirator

Seks pasientar med koronasmitte er innlagd ved norske sjukehus måndag. Det er to fleire enn fredag. Ingen av pasientane får respiratorbehandling.

Alle dei seks pasientane er innlagde i helseregion Helse sør-aust, viser tal frå Helsedirektoratet. Blant dei er to pasientar på Ahus, éin i Vestre Viken, éin på Sørlandet sjukehus, éin på sjukehuset Østfold og éin pasient på eit privat sjukehus som har avtale med helseregionen.

Helse sør-aust opplyser at éin av pasientane er på intensivavdeling, men ikkje på respirator.

Oppdateringa frå Helsedirektoratet viser at ingen av koronapasientane måndag var på respirator. Det er første gong sidan 10. mars at ingen koronapasientar får respiratorbehandling i Noreg.

Torsdag gjekk talet på pasientar på respirator ned frå to til ein, og måndag var altså talet null.

Talet på innlagde var måndag to fleire enn fredag, då det var fire koronapasientar på norske sjukehus.

Måndag var det registrert 8.981 koronasmitta personar i Noreg, ifølgje Meldingssystem for smittsame sjukdommar. 380.082 personar i Noreg er testa for viruset.

Folkehelseinstituttet rapporterer i oppdateringa si måndag at det er registrert 253 dødsfall blant koronasmitta personar i Noreg.

(©NPK)

Akuttmottaket på Akershus universitetssjukehus HF i Lørenskog, der det har vore innlagt fleire koronasmitta pasientar dei siste månadane. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB scanpix

Helsedirektoratet oppdaterer dagleg kor mange koronapasientar som er innlagt på norske sjukehus. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix