Annonse

LO sentralt seier nei til flytoget

Sjølv om LOs to togforbund er positive til det nye forslaget for å redde Flytoget, seier LOs sentrale leiing nei.

Forslaget kom fram i eit forsøk på å hindre nedlegging foreslår Flytoget at driftsperioden blir utvida frå 2027 til 2033.

Kjernen i forslaget er at folk som tek Flytoget, kan gå av på stasjonane mellom eksempelvis Asker og Lillestrøm.

Tysdag ettermiddag kunne VG skrive at både Norsk Jernbaneforbund (LO) og Norsk Lokomotivmannsforbund (LO) vil støtte ein søknad om konsesjon fram til 2033, men same kveld skriv avisa at LO sentralt ikkje vil vere med på at Flytogets funksjonstid blir forlengd frå utgangen av 2027 til 2033.

– Nei, det ønskjer vi ikkje. Vi meiner det etter 2027 må bli opp til Vy å finne løysingar, eventuelt saman med Flytoget, seier LO-nestleiar Steinar Krogstad til avisa.

Han er derimot ikkje framand for at dei det kan bli eit samarbeid mellom Vy og Flytoget, slik som regjeringa har signalisert.

– Det er fullt mogleg. Det viktigaste er å utnytte ressursane og kapasiteten betre. Derfor var det avgjerande å stanse forslaget om splitting av VY. Regjeringa kan no bruke tida for å finne dei gode løysingane – i samarbeid med dei tilsette og dei ulike aktørane.

(©NPK)

I eit forsøk på å hindre nedlegging foreslår Flytoget at driftsperioden blir utvida frå 2027 til 2033. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB