Annonse

Lokalbefolkninga i norske turistområde vil ha turistskatt

Turiststraumen til Noreg aukar kraftig. Det gjer òg misnøya blant befolkninga i pressområda. No ønsker eit stort fleirtal å innføre turistskatt.

Det skriv Aftenposten.

Pressområda for turistindustrien i sommarsesongen er ifølgje Innovasjon Noreg Bergen, Stavanger, Ålesund, Stranda (Geiranger), Lofoten, Aurland, Stryn og Longyearbyen.

Ifølgje ei fersk undersøking frå Innovasjon Noreg er misnøya no stor blant to tredelar av lokalbefolkninga i desse områda: 69 prosent seier turistar medfører forsøpling, 62 prosent seier dei slit ned naturen og 65 prosent vil innføre turistskatt.

Innovasjon Noreg byrja å samle inn data om haldningar til turistar i fjor. Ein viktig grunn var at dei ønskte å vite om norske turistmål er i ferd med å følgje etter ei rekke europeiske byar.

I populære byar som Dubrovnik, Barcelona og Venezia har det vore omfattande protestaksjonar mot masseturismen. Det er spesielt cruiseturistane som blir uglesett. Også langs norskekysten tar stadig fleire til orde for å avgrense trafikken av enorme cruiseskip.

(©NPK)

Cruiseskipet Viking Sun frå Viking Cruises, på veg inn til Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix