Annonse

Lungebetennelse tar eit barneliv kvar 39. sekund

Lungebetennelse er den dødelegaste sjukdommen for barn. Kvart 39. sekund døyr eit barn i «den gløymde epidemien», ifølgje helse- og barneorganisasjonar.

- Kvar dag døyr nesten 2.200 barn under fem år av lungebetennelse, seier Unicef-sjef Henrietta Fore i ei felles fråsegn med Redd barna i Storbritannia.

Ho peikar på at sjukdommen både kan behandlast med billeg antibiotikum og førebyggast med enkle vaksinar. I fjor døydde likevel rundt 800.000 barn av lungebetennelse.

Det er nesten dobbelt så mange som døydde på grunn av diaré (437.000) og nesten tre gonger så mange som døydde av malaria (272.000).

Fem land står for meir ein halvparten av barnedødsfalla som kjem av lungebetennelse: Nigeria, India, Pakistan, Kongo og Etiopia. Barn som har eit svakt immunsystem eller som bur i område med høg luftforureining, er mest utsett.

- Ei sterk global forplikting og auka investeringar er sterkt nødvendig for å kjempe mot denne sjukdommen. Dette er ein gløymt global epidemi og eit symptom på forsømming og uforsvarleg forskjell når det gjeld tilgang til helsetenester, heiter det i fråsegna.

I januar skal det vere ein global konferanse i Spania om lungebetennelse hos barn.

(©NPK)

India er blant landa med flest barnedødsfall på grunn av lungebetennelse. Ei av årsakene er den kraftige luftforureininga i byar som hovudstaden Delhi. Foto: AP / NTB scanpix