Annonse

Mann alvorleg skadd etter knivstikking i Hønefoss

Politiet er sikre på at dei har gjerningsmannen, ein mann i 30-åra, etter at ein jamaldra mann ramla knivstukken og blodig ut av ein bil i Hønefoss sentrum.

Ullevål sjukehus opplyser i 2-tida natt til onsdag at fornærma er alvorleg, men ikkje livstruande skadd.

Søraust politidistrikt fekk melding om saka klokka 20.25 tysdag kveld. Ein mann kom køyrande i ein bil og ramla ut av bilen ved krysset Strandgata/Hammerbrogate. Fleire personar såg at han var knivstukken og blødde mykje.

- Den skadde mannen er i 30-åra og frå Hønefoss. Han er på sjukehuset, skadane er alvorlege etter fleire knivstikk, men utover det ønsker vi ikkje å seie noko om detaljane. Gjerningspersonen er i vår arrest, han er også i 30-åra, seier operasjonsleiar Trond-Egil Groth til NTB klokka 0.40 natt til onsdag.

Politiet ønsker ikkje å seie noko om bakgrunnen for knivstikkinga, relasjonen mellom dei to eller om den påståtte gjerningspersonen har erkjent å ha knivstukke offeret. Den gripne mannen er også frå Hønefoss.

- Vi jobbar framleis på åstaden med tekniske undersøkingar og vil halde på utover natta, både der og med ei rekkje avhøyr. Vi har fleire patruljar i gang for å kartleggje kva som har skjedd og kvifor, seier Groth.

(©NPK)

Det var tydelege blodspor på asfalten der mannen i 30-åra ramla ut av bilen. Foto: Presse 3 / Ole Edvin Tangen / NTB scanpix